Har funne samanheng mellom tannemaljeskader og cøliaki
Forskar ved TkVestland har i ein stor internasjonal studie oppdaga ein samanheng mellom emaljeskader og autoimmune sjukdommar, som cøliaki. Dette nye perspektivet kan bidra til tidlegare diagnostisering og betre behandlingsstrategiar for pasientar.
Den internasjonale studien kastar nytt lys over korleis autoimmune reaksjonar, som tidlegare berre var forbundet med tarmhelse, kan ha direkte innverknad på tannhelsa. Resultata frå studien vart publisert i det velrenommerte internasjonale tidsskriftet «Nature». Studien involverte forskarar frå mellom anna UiB/Helse-Bergen og TkVestland, som er tannhelsetenestas kompetansesenter, og ein del av Vestland fylkeskommune.
– Dei nye funna kan gjere det mogleg å diagnostisere cøliaki tidlegare og dermed hindre emaljedefektar. Samtidig kan tannlegen fange det opp på eit tidlegare tidspunkt, seier Mihaela Cuida Marthinussen, som er forskar og spesialist i kariologi ved TkVestland.
Ho legg til at funna også opnar opp for å vurdere om det fins liknande mekanismar for emaljeskadar også ved andre sjukdommar.
Reagerer på protein i kumjølk
Det forskingsteamet har funne, er at pasientar med ein sjeldan sjukdom, kjent som autoimmunt polyendokrint syndrom type I (APS-I), i stor grad led av emaljeskader.
Dette førte til ei utvida undersøking som også inkluderte 28 pasientar med APS–I, samt 48 vaksne og 21 barn med cøliaki, ein tilstand kjent for sin autoimmun respons på gluten.
– Ved å utforske koplinga mellom desse tilstandane, oppdaga vi at skadar på tannemaljen hos cøliakipasientar kan skuldast ein liknande autoimmun reaksjon. Denne er kalla autoimmun amelogenesis imperfecta og er utløyst av ein reaksjon mot kappa-kasein, eit protein funne i kumjølk, forklarar forskar Marthinussen.
På same måte som at cøliaki-pasientane reagerer på gluten i kosten og får tarmskade, reagerer dei på kappa-kasein i kumjølka, og får tannskader.
– Denne oppdaginga kan endre måten vi diagnostiserer og behandlar cøliaki på, ved å legge til tannhelse som ein viktig faktor å vurdere, seier ho.
Stor internasjonal studie
Studien, som omfatta totalt 97 pasientar, understrekar viktigheita av tverrfagleg samarbeid i medisinsk forsking. Forskarar frå TkVestland, UiB og Helse Bergen (Prof. ASB. Wolff og Prof. E. Husebye), saman med internasjonale kollegaer frå Tsjekkia, Israel, Ungarn, og Finland, har samarbeida om å gje eit meir fullstendig bilete av korleis autoimmune reaksjonar påverkar kroppen.
Ved TK Vestland har Mihaela Cuida Marthinussen spelt ei nøkkelrolle ved å følge opp pasientar med APS-I. Ho har gjennomført detaljerte studiar av tannhelsa deira sidan 2010.
– Vår interdisiplinære tilnærming har vore avgjerande for å forstå dei underliggande mekanismane som forårsakar emaljesvikt, forklarer Marthinussen.
Ser fram til vidare studiar
Med desse nye funna planlegg forskarteamet no videre studiar, i håp om å utvide forståinga av emaljesvikt, og potensielt å finne behandlings-metodar som kan hindre denne tilstanden hos både APS-I-pasientar og dei med cøliaki.
Resultata frå denne studien kan bety eit stort steg for å forstå cøliaki og relaterte helseproblem, med moglegheit for å kunne stille ein tidlegare diagnose og betre førebyggande behandling. I Norge aleine, der om lag 1,5 prosent av folket er påverka av cøliaki, kan dette ha stor betyding for folkehelsa.
Vil du dykke djupare inn i studien, kan du lese han i "Nature".