Krigsseglar heidra med portrett i Vestlandshuset
Eit måleri av krigsseglar Nils Severin Økland (1915-2023) kom torsdag opp på veggen i Vestlandshuset. Biletet skal formidle historia om krigsseglarane under 2. verdskrig for nye generasjonar.
Nils Severin Økland vart utrulege 108 år og døde 7. november 2023. Han var opphavleg frå Sveio i Sunnhordland, men var busett i Bergen frå 1955. Han tente på til saman ni skip i løpet av krigen, og segla på meir enn 50 konvoiar.
– Historia til Nils Severin, historia om krigsseglarane og andre verdskrig er historia om kva det kostar å kjempe for fridom og demokrati. Her på Vestlandshuset vil måleriet no fungere som eit minne om innsatsen som vart lagt ned av krigsseglarane for vår fridom, og minne framtidige generasjonar på at fridom, tryggleik og demokrati aldri kan takast for gitt. Vi er stolte og audmjuke over å få lov til å huse Nils Severin Økland sitt portrett, uttalte fylkesordførar Jon Askeland under seremonien i Vestlandsalen torsdag.
Økland er tildelt Krigsmedaljen, Deltagermedaljen 9. april 1940 - 8. mai 1945, Haakon VIIs 70-årsmedalje, Regjeringens minnemedalje, Convoy Cup Foundation og Camp Norway Foundation medaljane, fleire britiske utmerkingar samt den franske Æreslegionen. I 2020, 105 år gamal, gav han ut boka «Aldri gi opp», der han fortel om oppvekst og livet til sjøs i krig og fred.
Vert del av større formidlingsprosjekt
For å markere 80-årsjubileum for The Battle of the Atlantic (1943) og for å heidre dei norske krigsseglarane sin innsats, vart det i 2023 teke initiativ til å lage eit portrett av Økland, måla av Ross Kolby, som dei siste 12 åra har måla ein serie portrett av sentrale personar under 2. verdskrig, blant andre Kong Haakon VII, Gunnar «Kjakan» Sønsteby og Erling Lorentzen.
Kolby har også portrettert Dronning Elizabeth II, eit oppdrag som monarken personleg involverte seg i. Portretta er ein del av boka «Allies», om Noreg og Storbritannia sitt unike band under 2. verdskrig og i dag. Boka kjem i nytt opplag til sommaren, då også med portrettet av Nils Severin Økland.
Økland sin familie til stades
Torsdag 15. februar kom portrettet offisielt på plass i Vestlandshuset.
Bjørg Økland, dotter til Nils Severin, fortalde at det var ei stor ære å vere til stades og ta del i seremonien.
– Han gjekk bort i november 2023, men fekk sett måleriet då det var halvferdig. Han lyste opp i et stort smil, og syntest det var veldig fint. Familien er utruleg glad for at portrettet skal henge her i Vestlandshuset. Med all sin symbolikk fortel det historien til dei norske krigsseglarane og deira store og viktige innsats. Vi må hugse å aldri gløyme, og aldri gi opp, sa Økland.
For dei nye generasjonane
–Det er openbart at vi ikkje kan gløyme. Winston Churchill sa etter krigen at den som ikkje hugsar fortida si står i fare for å gjenta alle dei same feila i framtida. Alle i vår tid har eit ansvar i å hugse på fortida vår og sørge for at vi ikkje gjer dei same feila igjen. Med desse portretta ynskjer eg å bringe vidare denne historia som er så viktig til dei nye generasjonane. Det er dei vi skal lære å hugse, sa kunstnar Ross Kolby.
Portrettet av Økland vil henge i publikumsareala, og det vil vere mogleg for folk å sjå biletet i opningstida til Vestlandshuset.
Mange givarar
Tidlegare forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har fronta kunst- og formidlingsprosjektet, og har vore sentral i å finne givarar av krigsseglarportrettet. Portrettet er donert av følgjande givarar (i alfabetisk rekkefølge):
- Bergens Rederiforening
- Den Norske Krigsforsikring for Skib
- GC Rieber Fondene
- Hansa Tankers
- J. Ludwig Mowinckels Rederi (som Økland seilte for under 2. verdenskrig)
- Westfal-Larsen Group Resources (som Økland segla for under 2. verdskrig)
- Norges Rederiforbund
- Samlerhuset
- Kongelige Norske Marine (som Økland segla for under 2. verdskrig)
Ross Kolby har med støtte frå Samlerhuset også laga ein sju minuttar lang dokumentarfilm om krigsseglarane under andre verdskrig og Nils Severin Økland (frå 5:45 og utover):