Åsen & Øvrelid AS skal byggja nytt arkivbygg på Leikanger

Utbyggingssjef Jan Tore Rosenlund i Vestland fylkeskommune og dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid signerte kontrakten om oppdraget 30. januar.

To menn tek kvarandre i handa og held papir mellom seg, med illustrasjon av bygg bak seg.
SIGNERTE KONTRAKT: No er kontrakten signert, og Åsen & Øvrelid kan starta arbeidet med å byggja det nye arkivbygget på Leikanger. Utbyggingssjef Jan Tore Rosenlund signerte på vegner av Vestland fylkeskommune og Finn Ove Øen på vegner av Åsen & Øvrelid. (Foto: Geir Afdal/Vestland fylkeskommune)

Det betyr at arkivbygget på Leikanger er eitt steg nærare realisering, og sommaren 2025 skal det stå ferdig.

– Me er glade for å ha Åsen & Øvrelid med på laget. Me har hatt eit godt samarbeid med dei i fleire prosjekt tidlegare. No ser me fram til å sjå arkivbygget ta form og ikkje minst til å ta det i bruk, seier Jan Tore Rosenlund.

Byggeprosjektet kostar nærare 80 millionar kroner, og det skal gjennomførast som ein totalentreprise, med Åsen og Øvrelid som totalentreprenør.

Om lag 20 000 hyllemeter arkiv

Det nye arkivbygget skal sikra nødvendig arkivkapasitet for Vestland fylkeskommune og kommunar i fylket. Arkivkapasiteten på nybygget vert om lag 20 000 hyllemeter. Det blir eigne fotomagasin med kjøle- og frysefunksjon. Bygget får også mottaksrom, ordningsrom, muggsaneringsrom og digitaliseringstasjon, møterom og pauserom.

Illustrasjon av bygg.
Slik skal det nye arkivbygget sjå ut når det er ferdig. (Illustrasjon: iVest Consult AS)

Arkivbygget skal byggjast ved Njøsavegen på Leikanger, på tomta til det tidlegare Bama-bygget.

Offentleg og privat kjeldemateriale

Arnt Ola Fidjestøl er seksjonssjef for seksjon arkiv i fylkeskommunen, og ser fram til å kunna flytta arkiva til fylkeskommunen inn i nye og tilpassa lokale.

– Både fylkeskommunen og kommunane manglar arkivplass, så dette er eit etterlengta prosjekt. Me forvaltar mykje materiale som krev heilt spesielle forhold, og no får me topp moderne lokale og fasilitetar. Det fortener historia til Vestland, slår Fidjestøl fast.

Gjennom seksjon arkiv tek fylkeskommunen vare på, gjer tilgjengeleg og formidlar offentleg og privat kjeldemateriale. Arbeidet med privatarkiv og anna kulturhistorisk dokumentasjon er organisert i fagområda privatarkiv, foto, musikk, stadnamn og digital kulturformidling.

Legg til rette for arkivbruk

Fylkeskommunen legg gjennom ein samla og heilskapleg samfunnsdokumentasjon til rette for at publikum skal kunne bruka arkiva og kjeldematerialet i ulike samanhengar. Det kan vera som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar eller til bruk i samfunnsforvaltning. 

Fylkeskommunen er vertskap for kommunearkivordninga i Vestland, eit kommunalt oppgåvefellesskap som består av 18 kommunar og Vestland fylkeskommune. Deltakarane samarbeider om arkivtenester for å sikra at arkiva vert handterte, tekne vare på og formidla i samsvar med gjeldande lovverk.