Vestland fylkeskommune melder skadeverk på helleristingsfelt til politiet

Nokon har rissa og måla figurar og initialar inn i bergflata på det 6000 år gamle bergkunstfeltet i Ausevika i Kinn kommune. Hærverket er meldt til politiet, med krav om at den eller dei som har gjort det, blir tiltalt og straffa.

Hærverk på helleristingsfelt.
HÆRVERK: Det er måla eller rissa inn ein penis i berget under den første helleristinga ein kjem til frå parkeringsplassen i Ausevika. Det er også rissa inn initialar og ulike figurar fleire andre stadar i helleristingsfeltet. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune er regional kulturmiljømynde og vart gjort kjent med hærverket i sommar. På helleristingslokaliteten er det no dokumentert tre tilfelle med hærverk.

Den fyrste helleristinga ein kjem til frå parkeringsplassen, eit hjortedyr, har fått mala eller rissa inn ein penis på undersida. I tillegg er initialane EHT, talet 23 og tre figurar er rissa inn andre stadar.

Figurar rissa inn i stein.
Ulike innrissa figurar er også del av hærverket. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Uoppretteleg skade

– Her har nokon gjort uoppretteleg skade på eit 6000 år gamalt åndsverk. Moderne innristingar som dette har vist seg nær sagt umogleg å fjerne utan å gjere meir skade på bergflata. Dei vil såleis bli ståande som sterkt skjemmande framandelement mellom helleristingsfigurane. Det øydelegg opplevingsverdien av den gamle bergkunsten, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Skadeverket er i strid med kulturminnelova § 3 første ledd om forbod om «å skade, øydelegge, grave ut, flytte, forandre, dekkje til, skjule eller på annan måte utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne, eller framkalle fare for at dette kan skje».

Tal og bokstavar rissa inn i berg.
Bokstavane EHT og talet 23 er rissa inn i helleristingsfeltet. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Det er i underkant av 300 helleristingar i Ausevika. Det er varierande motiv, alt frå dyre- og menneskefigurar til abstrakte motiv som spiralar og geometriske figurar. Helleristningsfeltet har vore tilrettelagt sidan 2009.

Tilrettelegging og informasjonsskilt

Mykje offentlege midlar har gått med til tilrettelegginga. Det er sett opp informasjonsskilt på rasteplassen, og anlegget er universelt utforma med rampe for å sikre god tilkomst for alle besøkjande. Og tilrettelegginga held fram. I år løyvde Vestland fylkeskommunen, via Bevaringsprogrammet for bergkunst hjå Riksantikvaren, 150 000 kr i tilskot til lyssetjing av helleristingsfeltet.

Ein eller fleire har altså gått inn på eit godt skilta og tilrettelagt kulturminne, og rissa og måla inn fleire skjemmande figurar og bokstavar fleire stader på ein bergflate som er freda mot alle former for inngrep.

Oversikt over bergkunstområdet Ausevika i Kinn kommune.
Bergkunstfeltet er tilrettelagt for publikum med servicebygg med toalett, gangveg og fleire skilt for å gje publikum informasjon om kulturminna. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Vil vurdere tiltak

– Det er gjort skadar på ein kulturarv som tilhøyrer fellesskapet. Helleristingar og andre kulturminne er ikkje-fornybare ressursar som festar historia i landskapet. Samfunnet har ei plikt til å ta vare på kulturminna slik at både vi og generasjonane som kjem etter oss kan sjå, bruke og lære av dei, seier Ekerhovd.

Fylkeskommunen vil saman med dei andre i kulturmiljøforvaltninga og grunneigar Kinn kommune over sommaren vurdere fleire førebyggjande tiltak for å hindre meir hærverk på helleristingsfeltet. Kulturmiljøforvaltinga er sett saman av fylkeskommunen, Riksantikvaren og Universitetsmuseet i Bergen.