– Ukrainske flyktningar må få lov til å bli bussjåførar no!

– Eg ber statsministeren gjere unntak frå gjeldande reglar, slik at ukrainske flyktningar i Noreg kan bli bussjåførar. Det seier fylkesordførar Jon Askeland etter at han har sendt brev om dette til Jonas Gahr Støre. Flyktningane må ha budd fire år i Noreg for å kunne køyre buss.

Buss med bussjåfør og passasjer.
MANGEL: Det er mangel på bussjåførar i Vestland. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

I dag er regelverket slik at ukrainarar som kjem til Noreg, ikkje får godkjent buss- og tungbilsertifikat frå heimlandet for køyring i Norge. Årsaka er at Ukraina ligg utanfor EU/EØS, og dermed ikkje kjem inn under EU/EØS-reglane. Det inneber at ein ukrainsk flyktning må ha budd fire år i Noreg for å bli kvalifisert for å køyre buss. I brevet til statsministeren ber fylkesordføraren om at regjeringa gjer unntak frå det aktuelle lovverket for ukrainarar.

Store utfordringar

I Vestland er mangelen på bussjåførar stor.

– Vi har store utfordringar med å rekruttere bussjåførarar. Dette er forverra etter pandemien. Arbeidstakarar frå austlege EØS-land har ikkje kome tilbake. Vestland fylke har prøvd rekruttering av sjåførar i EØS-land utan hell. Årsaka som blir oppgitt, er at det er stram arbeidsmarknad nedover i Europa også, seier fylkesordføraren.

Må få bidra i samfunnet

Rundt 70 000 ukrainarar er til no komne til Noreg.

– Ukrainarane utgjer ei stor gruppe i landet vårt. Eg er trygg på at dei ønskjer å bidra i samfunnet vårt med ressursane sine. Det vil vere fordel både for oss og dei. Den høge aktiviteten og låge arbeidsløysa vi har i landet, gjer at vi manglar hender i dei fleste bransjar. Ja, det går faktisk ikkje saman hos oss. Dei fleste bransjane snakkar om vekst, samstundes som det er mangel på arbeidskraft overalt, seier Askeland.

Viktig arbeidsressurs

Fylkesordføraren ser på ukrainarane som ein viktig arbeidsressurs i landet vårt.

– Dei bør få delta i det norske arbeidslivet utan å bli hindra av lovverk, som ikkje er tilpassa denne spesielle flyktningsituasjonen. Å ha eit arbeid og sosialt fellesskap å gå til, vil gjere kvardagen deira mindre belastande. I tillegg er det mange andre fordelar som språktrening og integrering elles ved å få delta i arbeidslivet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Brevet frå fylkesordføraren er sendt til statsminister Jonas Gahr Støre med kopi til finansminister Trygve Slagsvold Vedum.