Fylkestinget fordømmer drap av og terror mot sivile i Palestina og Israel
Ber også regjeringa og Stortinget om å arbeida i diplomatiske og politiske kanalar for å blant anna få til ei humanitær våpenkvile og få partane til forhandlingsbordet.
– Fylkestinget meiner partane i den pågåande konflikten på Gazastripa og i Israel må halda seg til folkeretten, og vi fordømmer terror og krigføring mot sivile på det sterkaste, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Situasjonen knytt til konflikten mellom Israel og Hamas vakte engasjement på fylkestingsmøtet i Bergen 1. og 2. november. Det starta med ein interpellasjon frå Raudt-representant Jeanette Syversen om terror og brot på folkeretten.
Fylkestinget løfta interpellasjonen til ei politisk sak, og fylkesvaraordførar og Ap-representant Stian Davies fremja ein uttale som fleirtalet i fylkestinget stilte seg bak.
Uttale frå Vestland fylkesting
- Vestland fylkesting fordømmer på det sterkaste drap av og terror mot sivile i Palestina og Israel, og meiner strengt at partane må halda seg til folkeretten.
- Terror og krigføring mot sivile må opphøyra umiddelbart. Det er umogleg å skapa fred blant partane om ikkje valden stansar og dialog vert etablert.
- Vestland fylkesting appellerer til regjering og storting om å arbeida i diplomatiske og politiske kanalar for å få gjennomført ein humanitær våpenkvile, oppretta ein humanitær korridor snarast, og bringa partane til forhandlingsbordet. Å hindra ein humanitær katastrofe og ytterlegare tap av uskuldige menneskeliv må prioriterast!
Uttalen vart vedteken av fylkestinget mot stemmene til dei åtte representantane til FrP og ein av representantane frå KrF.