Bjølla inn grønt lån på Oslo Børs

Klimavennleg bygging av hus løner seg for både fylkeskommunen og innbyggjarane i Vestland.

Torsdag morgon klokka 09.00 ringde fylkesordførar Jon Askeland i bjølla på Oslo Børs. Bjølleseremonien symboliserer at børsen opnar, men akkurat i dag symboliserer det også at det grøne lånet til Vestland fylkeskommune er ute i marknaden.  

Delegasjon frå Vestland fylkeskommune ringjer i bjølla på Oslo Børs.
OPNA BØRSEN: Delegasjonen frå Vestland fylkeskommune og Bergen Capital Management ringde med bjølla og opna børsen kl. 9 torsdag 4. mai. (Foto: NTB)

Pengar spart

Grønt lån er eit lån til ei berekraftig investering, som må oppfylle strenge krav, noko det nye Vestlandshuset i Bergen gjer. Det er eit obligasjonslån, som er ein type verdipapir som blir omsett på børs.

Det grøne lånet er på 457 millionar kroner, og fylkeskommunen sparer 184 000 kroner i året samanlikna med eit vanleg lån. Fordi det er eit obligasjonslån, og ikkje eit vanleg banklån, vil fleire konkurrere om å få låne fylkeskommunen pengar, som igjen gir betre vilkår og lågare rente. 

– Over tid vil heile bygget, som kosta ein milliard kroner å bygge, kunne finansierast med grønt lån. Då vil fylkeskommunen spare 400 000 kroner i året. Over år blir dette fleire millionar kroner som me kan bruke på betre tenester til innbyggarane våre, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Sju personar fotograferte utanfor børsen i Oslo.
Vestland fylkeskommune var representert på Oslo Børs med f.v. Pål Andre Kleive, Nils Vetlesand, fylkesdirektør Rune Haugsdal og fylkesordførar Jon Askeland. Hege Christoffersen, Fabian Sandrup Selvik og Jostein Aksdal frå Bergen Capital Mangement, som har gitt råd i prosessen med å få på plass det grøne lånet, deltok også. (Foto: Janne Jacobsen/Oslo Børs)

Oppfyller miljøstandard     

Vestlandshuset opna dørene for dei vel 800 tilsette som har kontorplass der 23. februar. Huset er klimavenneleg, berekraftig og energieffektivt, og kjem til å oppfylle miljøstandarden BREEAM-NOR Excellent med god margin.  

Agder var første fylkeskommune ut med grønt lån, og Vestland kjem som ein god nummer to.  

Allereie no er eingangskostnaden med å få grønt lån, spart inn. Undervegs i prosessen har Bergen Capital Management (BCM) gitt råd. BCM har i lag med Oslo Børs utforma dei strenge kriteria som må oppfyllast for å få grønt lån.  

Parisavtalen og Vestland

Vestland vedtok sin første klimaplan like før årsskiftet. Planen seier at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for klimaomstilling i fylket og bli eit nullutsleppssamfunn innan 2030. Klimamålet er i tråd med Parisavtalen der kvart land som har underteikna avtalen må sette eit utsleppsmål, og dokumentere kva landa gjer for å redusere klimagassutslepp. Summen av alle bidrag frå landa skal sørge for at det felles utsleppsmålet blir nådd.  

– Me har framleis ein lang veg å gå for å få eit klimavenneleg samfunn, så arbeidet stoppar ikkje med eit grønt lån og eit nytt berekraftig hus. Framtida vil verta meir berekraftig enn dei siste tiåra har vore. For å lukkast med det grøne skiftet må derfor finanseringa stimulera til det. Dette er grunnen til at me gjer denne markeringa på Oslo Børs, og me håpar at me kan bidra til grøn satsing i finansnæringa. Vestland er i tet i det grøne skiftet, og dette gjeld også finanssektoren, seier Askeland. 

Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesdirektør Rune Haugsdal med bjølla på Oslo Børs.
Fylkesordførar Jon Askeland ringde i bjølla på Oslo Børs torsdag 4. mai for å markere at det grøne lånet til Vestland fylkeskommune er ute i marknaden. Fylkesdirektør Rune Haugsdal hadde også teke turen over fjella, saman med fleire frå fylkeskommunen. (Foto: Pål Andre Kleive/Vestland fylkeskommune)