Vestland fylkeskommune melder skadeverk på helleristingsfelt til politiet
Nokon har rissa store bokstavar inn i bergflata på det 6000 år gamle bergkunstfeltet på Vangdal i Kvam herad. Hærverket er no meldt til politiet i Kvam, med krav om at gjerningspersonen/-ane blir tiltalt og straffa.

Vestland fylkeskommune er regional kulturminnemynde og vart gjort kjent med hærverket i sommar. Det er initialane R+N som er rissa inn i berget, heilt inntil ein av dei mest sentrale helleristingsfigurane.
Uoppretteleg skade
– Her har nokon gjort uoppretteleg skade på eit 6000 år gamalt åndsverk. Moderne innristingar som dette har vist seg nær sagt umogleg å fjerne utan å gjere meir skade på bergflata. Dei vil såleis bli ståande som sterkt skjemmande framandelement mellom helleristingsfigurane og øydelegg opplevingsverdien av den gamle bergkunsten, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.
Skadeverk som slike inskripsjonar er i strid med kulturminnelova § 3, første ledd om forbod om «å skade, øydelegge, grave ut, flytte, forandre, dekkje til, skjule eller på annan måte utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne, eller framkalle fare for at dette kan skje».
Helleristingane på feltet på Vangdal består av tre menneskefigurar, tre hjortar og to elgar, i tillegg til fleire hogne linjer som no er vanskelege å tyde. Ristingsfeltet og rasteplassen på Vangdal er tilrettelagt som del av Nasjonale turistvegar. Anlegget vart opna i oktober 2021.

Godt opplyst, skilta og tilrettelagt
Store offentlege midlar har gått med til denne tilrettelegginga. Det er sett opp infoskilt på rasteplassen, og stien til feltet er lyssett. Det er nybygde trapper ned til ristingsfeltet, i tillegg til publikumsrampe for å sikre trygg tilkomst for å kunne sjå figurane ut mot kanten av stupet. Sjølve ristingane er også tilrettelagde med avansert lyssetting for å tydeleggjere figurane i kveldsmørket.
Vedkommande i denne saka har såleis gått inn på eit godt skilta, opplyst og tilrettelagt kulturminne, og rissa inn eigne inskripsjonar på bergflata med helleristingar som er freda mot alle former for inngrep.
– Helleristingar og andre kulturminne er ikkje-fornybare ressursar som fester historia i landskapet. Samfunnet har ei plikt til å ta vare på kulturminna slik at vi, og generasjonane som kjem etter oss, kan sjå, bruke og lære av dei, seier Per Morten Ekerhovd.