Lyser ut 3 millionar til tiltak innan frukt og bær
Midlane skal bidra til auka verdiskaping knytt til frukt, bær og grønt i fylket.

Vestland er den største regionen i landet innan produksjon av frukt og bær. Om lag 12 % av landbruket si verdiskapinga i fylket er knytt til næringa.
Ventar auka etterspørsel
Det er venta ein stor auke i etterspørsel etter frukt og grønt nasjonalt i åra framover og det er venta auka omsetning, også gjennom foredling og direktesal.
– For å bidra til at Vestland tek sin del av den venta veksten, har vi sett av i alt 3,25 millionar kr til vestlandsprosjekt innan frukt og grønt, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.
Ny kunnskap
Tiltak som kan få midlar frå denne ramma må bidra til auka produksjon og verdiskaping knytt til frukt og grønt i fylket. Midlane skal gå til tiltak for å skaffe ny kunnskap eller til målretta utviklingsprosjekt. Tiltaka skal vere forankra i næringa i heile fylket og hjå relevante aktørar i verdikjeda.
Søknadsordninga er no lyst ut med søknadsfrist 15. november.