Høyring: Vil ha innspel om plan for fornybar energi

Den regional planen for fornybar energi skal vere eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke. No vil fylkeskommunen mellom anna ha innspel om kunnskapsgrunnlag og tema i planen.

Bilete av solcellepanel på Arna vidaregåande skule
SKAL SETTE RETNINGA: Planprogrammet skal sette retninga for arbeidet med den regionale planen for fornybar energi. Illustrasjonsfoto av solcellepanel på Arna vgs: Morten Wanvik/ Vestland fylkeskommune.

Fylkesutvalet har no vedtatt å sende planprogrammet til planen ut på høyring. Planprogrammet skal sette retninga for arbeidet med sjølve planen og handlingsprogrammet som skal gjelde for dei neste 12 åra.

– Skal vi lukkast med ein god kraftbalanse og sikker kraftforsyning som bidreg til den grøne verdiskapinga, er produksjon av og tilgang til fornybar energi vesentleg, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Han legg til at planprosessen skal fokusere på korleis Vestland skal lukkast med å løyse utfordringane knytt til energi, noko som skal munne ut i ein regional plan for fornybar energi. Fylkeskommunen inviterer derfor innbyggjarar, kommunar og andre samfunnsaktørar til å påverke kva som skal vere innhaldet i planen.

Planprogrammet skal gi føringar i form av overordna mål for arbeidet, kva tema planen skal vektleggje, korleis den kan sikre medverknad og korleis arbeidet skal organiserast.

Høgast kraftproduksjon i landet

I arbeidet med den nye planen skal kraftforsyninga i fylket greiast ut. Vestland har høgast kraftproduksjon av fylka i Noreg og eksporterer kraft ut av fylket. Samstundes manglar fleire av kommunane i fylket kraft for vidare vekst og realisering av grøne arbeidsplassar. Planen vil sette retningslinjer for fleksibel og sikker kraftforsyning, som er ein viktig føresetnad for vidare grøn verdiskaping i fylket.

Dette vil fylkeskommunen ha innspel på

I høyringsperioden som har frist 23. april, ønskjer fylkeskommunen innspel om:

  • kunnskapsgrunnlaget til dei enkelte fornybare energikjeldene
  • problemstillingar som er viktige innan dei føreslegne plantema
  • medverknad i planarbeidet
  • anna som blir vurdert som viktige innspel i planarbeidet

Planen er at endeleg vedtak av planprogrammet skal skje i fylkesutvalet 1. juni.

For meir informasjon, sjå saksframlegget