Høyring: Gi innspel til plan for fornybar energi

Regional plan for fornybar energi skal vere eit grunnlag for klimaomstilling i Vestland fylke. Kommunar, organisasjonar, innbyggjarar og andre interesserte kan no komme med innspel til planen innan 20. februar.

Solcellepanel på Arna vidaregåande skule.
KLIMAOMSTILLING: Den nye regionale planen for fornybar energi skal vere eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

– Gjennom utbygging av fornybar energi bidreg vi til målet om eit netto nullutsleppssamfunn. Når vi erstattar fossil energi med fornybar energi vil vi oppnå store klimakutt i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesutvalet har vedtatt eit høyringsutkast til planen, i tillegg til det første handlingsprogrammet som høyrer til planen. Dei ønskjer no innspel som kan vere med på å gjere planen til eit best mogleg reiskap for å nå Vestland sine ambisiøse klimamål.

– Fornybar energi er vesentleg for at vi skal lukkast med god kraftbalanse og sikker kraftforsyning som bidreg til den grøne verdiskapinga, seier Askeland.

Høgast kraftproduksjon i landet

Vestland har høgast kraftproduksjon av fylka i Noreg og eksporterer kraft ut av fylket. Samstundes manglar fleire av kommunane i fylket kraft for vidare vekst og realisering av grøne arbeidsplassar. Planen gir retningslinjer for fleksibel og sikker kraftforsyning, som er ein viktig føresetnad for vidare grøn verdiskaping i fylket.

Dette vil fylkeskommunen ha innspel på

I høyringsperioden som har frist 20. februar 2023, ønskjer fylkeskommunen innspel om korleis hovudmålet i planen kan nåast. Det handlar om at Vestland fylke får energioverskot frå fornybare energikjelder og ei robust kraftforsyning som bidreg til grøn verdiskaping.

Fylkeskommunen ønskjer også innspel på

  • tema i planen
  • ambisjonsnivå til dei enkelte fornybare energikjeldene
  • korleis vi får ei robust kraftforsyning i fylket
  • utdanning, forsking og innovasjon som omhandlar fornybar energi
  • retningslinjene i planen
  • tiltaka i handlingsprogrammet