Næringsforum Vestland

Næringsforum Vestland er ein partnarskap for samordna innsats for å fremje innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke i tråd med mål og strategiar i vedtekne regionale styringsdokument. Næringsforum Vestland skal også vere eit verktøy for koordinert innsats av midlar og andre ressursar som partnarane i forumet rår over til regional næringsutvikling og innovasjon.

Strategiar

Hovudstrategiane for arbeidet i Næringsforum Vestland arbeid skal vere dei til ein kvar tid vedtekne hovudstrategiane i vedtekne styringsdokument for fylket. Næringsforum Vestland skal sikre koordinert og effektiv utnytting av offentlege ressursar til næringsutvikling i fylket, her under samarbeid mellom dei ulike aktørane i gjennomføringa av konkrete tiltak.

Samarbeid

Deltakarane i Næringsforum Vestland skal gjennom eit forpliktande samarbeid medverke til:

  • Å sette dagsorden og utvikle strategiar for ei samordna næringsutvikling.
  • Ei betre koordinering av verkemiddelbruken.
  • Ta initiativ til forsøk med ny verkemiddelbruk, andre organisasjonsformer og/eller arbeidsmåtar.
  • Samordning av det strategiske planarbeidet for næringsutvikling i fylket.
  • Å vidareutvikle Næringsforum Vestland som ein arena for regional næringsutvikling, industrialisering og innovasjon

Mynde og arbeidsområde

Næringsforum Vetland har ein sjølvstendig rådgjevande funksjon overfor administrativ leiing i Vestland fylkeskommune i spørsmål om næringsutvikling, arbeidsmarknad, næringsretta infrastruktur inkludert samferdsel og utdanning/kompetanseutvikling.

 

Næringsforum Vestland skal mellom anna:

  • Sikre kunnskapsgrunnlag for og ta initiativ til tiltak og satsingar for å fremje næringsutvikling og innovasjon.
  • Vere overordna referansegruppe for utarbeiding/revisjon av regionale styringsdokument knytt til arbeidsområda etter vedtak i fylkeskommunen.
  • Følgje opp dei årlege handlingsprogramma der Næringsforum Vestland er tildelt ei rolle og ta initiativ til prosjekt/tiltak for å sikre ei god og treffsikker gjennomføring.
  • Ta initiativ til utgreiingar / evalueringar med sikte på betre samordning av ressursbruken knytt til næringsutvikling.
  • Informere om, og diskutere viktige ad-hoc saker som har relevans for næringsutvikling og sysselsetting i fylket. 

Vestland fylkeskommune finansierer drifta av Næringsforum Vestland som organ. Dei viktigaste økonomiske verkemidlane fylkeskommunen rår over til regional næringsutvikling er knytt til budsjettet i det årlege handlingsprogrammet. Organisasjonane som deltar i Næringsforum Vestland, bidreg elles med ressursar til felles tiltak og satsingar etter nærare avtale.

 

Næringsforum Vestland har frå april 2020 slik samansetnad:

  • Vestland fylkeskommune ved avdelingsdirektør for Næring, plan og innovasjon – leiar
  • Innovasjon Norge Vestland ved direktør
  • Statsforvaltaren i Vestland ved landbruksdirektør
  • NAV Vestland ved direktør
  • Universitetet i Bergen ved rektor
  • Høgskulen på Vestlandet ved dekan ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
  • Norges Handelshøyskole ved direktør kommunikasjon og samfunnskontakt
  • NHO Vestlandet ved regiondirektør
  • LO Vestland ved regionleiar
  • Norges forskingsråd ved regional representant Vestland
  • KS Vestland ved dagleg leiar Vestland
  • Bergen kommune ved kommunaldirektør for næring, kultur og idrett
  • Siva ved områdeansvarleg
  • Næringsalliansen Vestland ved direktør i Bergen Næringsråd

Dersom ein av dei faste medlemmene er forhindra frå å møte, kan ein la seg representere ved stedfortredande/assisterande leiar etter avtale med leiar for Næringsforum Vestland.