Karriererettleiing

Alle innbyggjarar i Noreg skal ha tilgang til god karriererettleiing, uavhengig av kvar dei er i livet. I Vestland jobbar fylkeskommunen for eit tilgjengeleg og likeverdig rettleiingstilbod som held høg kvalitet, og som hjelper fleire å ta gode val om utdanning, arbeid og kompetanse.

Karriererettleiing handlar om å sjå kva kompetanse du har, kva moglegheiter som finst, og kva steg som kan ta deg vidare i utdanning eller arbeidsliv.

Vestland fylkeskommune har ansvar for å leggje til rette for karriererettleiing i fylket. Gjennom Karriere Vestland og samarbeid med andre aktørar skal vi bidra til at fleire får brukt kompetansen sin, og at arbeidslivet får tilgang på kompetansen det treng.

Når fleire får god rettleiing, kan fleire finne rett utdanning, fullføre opplæring, kome raskare i arbeid eller bruke kompetansen sin på nye måtar. Det kan bidra til mindre utanforskap, betre meistring og betre livskvalitet.

Karriere Vestland

Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne over 19 år. Du kan få rettleiing om utdanning, arbeid, vidare opplæring, jobbyte, CV, søknad og jobbintervju.

Rettleiinga er gratis og konfidensiell. Du kan få rettleiing på telefon, video eller i fysisk møte.

Bestill karriererettleiing hos Karriere Vestland.

Vi samarbeider om karriererettleiing

Vestland fylkeskommune følgjer nasjonale mål og føringar for karriererettleiing. Rettleiinga skal vere tilgjengeleg, likeverdig og ha høg kvalitet.

Vi samarbeider med skular, NAV, kommunar, arbeids- og inkluderingsverksemder og andre aktørar som gir rettleiing i Vestland.

Andre nyttige nettstader

Planlegg du utdanning, eller vil du vite meir om yrke og utdanningsvegar? Desse nettstadene kan hjelpe deg vidare:

  • Vilbli.no gir oversikt over vidaregåande opplæring.
  • Utdanning.no har informasjon om yrke, utdanningar og utdanningsvegar i Noreg.
  • Karriereveiledning.no tilbyr gratis karriererettleiing på chat og telefon og har sjølvhjelpsverktøy du kan bruke på eiga hand.