Har du fått tilskot til prosjekt innan nærings- og samfunnsutvikling?
På denne sida har vi samla viktig informasjon til mottakarar av tilskot til prosjekt ved avdeling for næring, plan og innovasjon.
Tilsegnsbrevet er viktig
Tilsegnsbrevet inneheld viktig informasjon om rettane og pliktene dine. Det er viktig at du les dette. Eit signert tilsegnsbrev er ein kontrakt med Vestland fylkeskommune om støtte til prosjektet.
Hugs å signere tilsegnsbrevet digitalt innan tre veker frå du mottek brevet. Signering betyr at du aksepterer vilkåra i tilsegnsbrevet.
Når du rapporterer og ber om utbetaling, er det viktig å kontrollere mot vilkåra i tilsegnsbrevet. Bruk arkivsaksnummeret, eventuelt tilsegnsnummer, i kontakt med oss om prosjektet. Dette finn du også i tilsegnsbrevet.
Rapportering og utbetaling
Når du skal rapportere og/eller be om utbetaling, gjer du det på nettstaden regionalforvaltning.no
Utbetalingar skjer i samsvar med støtteandelen fylkeskommunen har innvilga. Støtteandelen finn du i tilsegnsbrevet.
Kva kostnader kan du føre?
Vi godkjenner berre kostnader som er i tråd med godkjend kostnadsplan i tilsegnsbrevet.
Berre kostnader i prosjektperioden – frå startdato til sluttdato – er godkjende. Du kan ikkje føre kostnader før eller etter denne tidsramma.
Godkjend kostnadsplan, prosjektperiode og vilkår finn du i tilsegnsbrevet for prosjektet.
Sluttrapport og sluttutbetaling
Når prosjektet er ferdig, og innan fristen, skal du rapportere og be om sluttutbetaling i Regionalforvaltning. Eventuelle unntak står i tilsegnsbrevet.
Ved sluttutbetaling krev vi signert sluttrekneskapsskjema. Lenke til sluttrekneskapsskjemaet finn du i Om du les dette på mobil kan boksen ligge nedst på sida.
Sluttrekneskapsskjemaet handterer ikkje klipp og lim-funksjonen. Du må føre inn tala manuelt.
Sluttrekneskap og revisjon
Rekneskapen skal spegle godkjend kostnads- og finansieringsplan.
Revisjonskrav: Sjå tilsegnsbrevet for reglane som gjeld for deg. Revisorrettleiaren som gjeld prosjekt med tilskot frå avdeling for næring, plan og innovasjon (NPI) er oppdatert 02.03.2026.
Timesats for eigeninnsats
Du finn avtalt timesats i tilsegnsbrevet for prosjektet.
For tilskot som er gitt over ordningar i avdeling for næring, plan og innovasjon (NPI) med søknadsfrist i 2026 gjeld nye retningslinjer for føring avpersonalkostnader og eigenfinansiering. Godkjend timesatsa er no inntil 1 promille av nominell/brutto årsløn, maksimalt kr 1500 per time, totalt inntil 1850 timar per år.
Sjå rettleiing og retningslinjer i Føring av personalkostnader og eigenfinansiering i tilskotsordningar NPI.