Informasjon til deg som vurderer å søke tilskot
Denne sida er laga for deg som skal søkje fylkeskommunen om midlar til nærings- og samfunnsutvikling. Her får du tips og råd om kva du bør tenkje på før du søkjer og kva søknaden bør innehalde.
Før du startar søknaden, er det viktig å setje seg godt inn i rammene for tilskotsordninga og prosjektet du vil søkje støtte til. Les utlysinga for den aktuelle tilskotsordninga grundig. Sjekk at prosjektet ditt er i tråd med føremålet, krava og måla i utlysinga. Merk at krav kan variere frå ordning til ordning.
Start søknadsarbeidet tidleg
Vi tilrår å starte søknadsprosessen i god tid. Opprett søknaden tidleg og bruk moglegheita for å mellomlagre undervegs. For å kunne søkje må verksemda ha organisasjonsnummer.
Kva søknaden må innehalde
Søknaden må ha ein presis tittel og ei tydeleg skildring av prosjektet. Ofte må du grunngi behovet for prosjektet, beskrive hovudmål og delmål og gjere greie for prosjektorganiseringa. Gjer gjerne greie for aktivitetane som arbeidspakkar, kven som har ansvar for kva, og kva effektar og resultat de ønskjer å oppnå.
Behov, målgruppe og rolle
Vurder om prosjektet dekkjer eit reelt behov, og kven som vil få nytte av resultata. Tenk gjennom om du er rett aktør til å gjennomføre prosjektet, eller om andre kan bidra med relevant kompetanse.
Frå forprosjekt til hovudprosjekt
Større satsingar tek tid å utvikle. Ofte kan det vere formålstenleg å starte med eit forprosjekt for å avklare om det er grunnlag for eit hovudprosjekt.
Budsjett og revisjon
Eit godt grunngitt budsjett med realistisk kostnads- og finansieringsplan gir ein meir truverdig søknad og betre grunnlag for gjennomføring.
Eit prosjektbudsjett skal svare på tre enkle spørsmål:
Kva skal vi gjere? – kva kostar det? – korleis skal det betalast?
- Start med kva skal vi gjere? Døme: aktivitetar i prosjektet, prosjektleiing og administrasjon, kartlegging og analyse, dialogmøte, gjennomføring av kurs.
- Set realistiske kostnader – kva skal det koste?
Dømer: Arbeidstimar, kjøp av tenester/ekstern kompetanse, møte/reise. - Lag ein enkel finansieringsplan – korleis skal det betalast?
Dømer: søknadssum, eigne midlar i kontantar, eigeninnsats i timar, andre bidrag.
Prosjektet skal vere fullfinansiert før du søkjer, og summen av kostnader skal vere lik summen av finansieringa. Fylkeskommunen dekkjer vanlegvis inntil 50 prosent av dei totale kostnadene. Tilskotet blir normalt utbetalt i etterkant. Har prosjektet ditt fått annan offentleg støtte, må det opplysast. Dersom tilskotet overstig 250 000 kroner, må du rekne med kostnader til revisjon.
Sjå også informasjon om timesatsar og rettleiar til revisor på sida Har du fått tilskot til prosjekt innan nærings- og samfunnsutvikling?
Vedlegg og rettleiing
Last ned og legg ved obligatoriske vedlegg. Sjå utlysinga for oversikt over kva som skal vere med, og kva som ikkje skal leggjast ved. I søknadsskjemaet finn du hjelpetekstar som gir nærmare rettleiing om kva som skal svarast i dei ulike felta.
Lukke til!