Tilskot til normalladarar ved reiselivsdestinasjonar i Vestland
Reiselivsaktørar og andre organisasjonar kan søke Vestland fylkeskommune om tilskot til å kjøpe og sette opp el-billadar (normalladar) for besøkande.
Vestland fylkeskommune har som mål at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutvikling. Vi skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Samstundes skal Vestland utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet. Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling.
Kven kan søke?
Ordninga er for reiselivsaktørar og andre organisasjonar som vil etablere offentleg tilgjengelege normalladarar for besøkande. Aktuelle plassar er til dømes overnattingsplassar og parkeringsanlegg knytt til kulturareanaar og turområde.
Retningslinjer for tilskotsordninga
- Tilskotsummen vart endra 13. mars 2025 til 8 000 kroner per ladestasjon, avgrensa til 50 % av godkjende kostnadar.
- Oppkopling og anna arbeid på el-anlegg skal utførast av fagpersonar som er autorisert for dette.
- Normalladar betyr ladar som har ein effekt på under 50 kW.
- Du må vente på tilsegn frå fylkeskommunen før du bestiller eller kjøper ladaren. Dette inneber at du som søkjar ikkje kan bestille eller kjøpe ladaren før du har mottatt tilsegn frå fylkeskommunen, med mindre anna er avtalt.
- Midla skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61. Dei alminnelege gruppeunntaka (GBER) er relevant heimelsgrunnlag for denne tilskotsordninga.
- Du som søkjar har eitt år på å gjennomføre tiltaket og sende sluttrapport/ferdigmelding.
- Fylkeskommunen tar atterhald om retten til å gjennomføre tilsyn i etterkant. Brudd på vilkåra medfører skjønsmessig avkorting av tilskotet.
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.
Du kan sende klagen til Vestland fylkeskommune, på e-post post@vlfk.no
Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til.
Rapportering og utbetaling
Tiltaket skal gjennomførast i tråd med dei opplysningane som er gitt i søknaden og i tilsagnsbrevet. Vesentlege endringar i tiltaket må meldast skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.