Regional plan for fornybar energi 2023-2035

Vestland sin første Regionale plan for fornybar energi stadfestar ambisjonen om at Vestland skal vera fylket som produserer mest grøn energi i Noreg.

Regional plan for fornybar energi er eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke. Den har som oppdrag å fastsette mål om ambisjonsnivå og utbygging av fornybar energi. Planen blei vedtatt av fylkestinget 14. desember 2023.

Regional plan for fornybar energi set den strategiske retninga for en tydeleg regional politikk i Vestland, og synleggjer viktigheita av at vi brukar alle dei fornybare energikjeldene som er tilgjengelege i regionen vår - vatn, vind, sol, hav og jord.

For å nå dei store, globale klimamåla, må vi gjere ein innsats på alle nivå, inkludert på regionalt og lokalt nivå. Vestland set seg høge ambisjonar knytt til klimaomstilling og nullutslepp i Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. Vi er både modige og framoverlente. Vi skal inkludere, inspirere og mobilisere heile Vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande samfunnsutvikling.

Skal vi lukkast med ein god kraftbalanse og sikker kraftforsyning som bidrar til den grøne verdiskapinga er det vesentleg med produksjon av og tilgang til fornybar energi.

Dashboard for kraft og nett i Vestland

SjåEit dashboard er ei digital oversikt med tal og grafar som viser informasjon på ein lettfatteleg måte.med oversikt over kraft og nett i Vestland. Her finn du produksjonstal for fornybar energi i fylket, kraftbalansen på kommunenivå, og energibruk. Sjå dei nyaste rapportane om nettsituasjonen i fylket og fordeling av energibruk i industrinæringane. Tala er henta frå SSB, NVE, Statnett og Elhub.

Til dashboard om kraft og nett i Vestland

Kunnskapsgrunnlag

Les kunnskapsgrunnlaget for Regional plan for fornybar energi 2023-2035 skildrar kraftsystemet i Vestland

Høyringsrapport

I høyringsprosessen kom det inn107 høringsinnspel til den regionale planen for fornybar energi og handlingsprogrammet.

Les høyringsrapporten til Regional plan for forbybar energi