Best på grøn næringsutvikling?
Prosjektet Grøn region Vestland tek sikte på å jobbe fram ei felles forståing for korleis ein skal jobbe for å sikre grøn næringsutvikling i Vestland.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, medan EY står for gjennomføringa, i tett samarbeid med prosjekteigarane. Sidan oppstarten 1. mai 2021 har prosjektet kome godt i gang. Hittil har over 200 aktørar bidratt med tankar og innspel om kva som trengst for å gjere Vestland til landets fremste fylke innan grøn næringsutvikling.
Grøn region Vestland vil vere eit viktig bidrag i arbeidet med nytt handlingsprogram 2022-2025 for planen «Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.»
Felles utfordringar
Grøn region Vestland bygger vidare på Vestlandsscenarioa 2020, som vart utarbeidd hausten 2020. Her peika ein på 11 nye verdikjeder og 24 forretningsområde der Vestland har potensial til å ta ei leiande rolle og auke konkurransekrafta si i tida framover.
Prosjektleiar Lasse Kolbjørn Anke Hansen i Vestland fylkeskommune seier at Grøn region Vestland er ei naturleg fortsetting av Vestlandsscenarioa.
— Vestlandsscenarioa var eit analyseprosjekt. Der såg vi på eksisterande kunnskapsgrunnlag knytt til kva utfordringar næringslivet i Vestland hadde i møte med globale megatrendar. No jobbar vi meir frå eit nedanfrå-og-opp-perspektiv. Vi går i dialog med bedriftene og kommunane og ser på behova og føresetnadane til kvar enkelt aktør. Ein viktig del av prosjektet er å finne kva utfordringar dei ulike aktørane i fylket har til felles, fortel Hansen.
Fire regionar
I arbeidet med Grøn region Vestland er fylket delt opp i 4 regionar med eigne arbeidsgrupper i kvar. Desse fire regionane er:
- Indre Vestland (Hardanger, Sogn og Voss)
- Fjordane (Nordfjord, Sunnfjord og HAFS (kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Sollund))
- Bergensregionen inkl. Nordhordland
- Sunnhordland
— Det vil bli lagt opp til aktivitetar i kvar region, for å finne fram til konkurransefortrinn, satsingsområde og moglegheiter. Når prosjektet er over, håpar vi at kvar region skal ha eit grunnlag for sitt eige med grøn næringsutvikling som heng saman med det som skjer elles i fylket og i verda elles, fortel Hansen.
— Trur vi treff tidsånda
Ifølge prosjektleiar Hansen har arbeidet vore prega av mykje engasjement og interesse blant bedriftene og kommunane rundt om i fylket.
— Aktørane vi har møtt til no er positive til målsetnadane i prosjektet. Folk syns det er bra at fylkeskommunen tek rolla som samfunnsutviklar på alvor. Berekraft og grøn innovasjon står høgt på agendaen ute i næringslivet, uavhengig av bransje. Som ein sa til oss: Enn så lenge er berekraft eit konkurransefortrinn, men i framtida vil det vere ein føresetnad, seier Hansen.
Ønsker å møte aktørane der dei er
Vestland er eit stort fylke og avstandane kan vere ei ekstra utfordring for denne typen samarbeidsprosjekt.
— Avstandane kan vere litt utfordrande, men dei fleste har jo også blitt veldig dyktige på digitale løysingar. Det er likevel ikkje til å stikke under stol at den fysiske dialogen framleis er å føretrekke. Vi ønskjer derfor i størst mogleg grad å kome ut og møte folk der dei er. Hittil har vi hatt to turar til Fjordane-regionen og ein tur i Indre Vestland. Desse turane har gitt oss verdifulle innspel til arbeidet vidare. Til hausten satsar vi på å komme oss rundt til enda fleire, avsluttar Hansen.