Invest in Vestland

Invest in Vestland er Vestland fylkeskommune sitt program for å få fleire nasjonale og internasjonale investeringar og etableringar i Vestland.

Invest in Vestland er det offisielle initiativet i Vestland som arbeider for å få fleire investeringar og bedriftsetableringar til fylket. Invest in Vestland har nedslagsfelt i bergensregionen, i Sunnhordland (Invest in Sunnhordland), i Nordfjord og Sunnfjord (Invest in Fjordane) og i Sogn (Invest in Sogn). Tenestene er gratis for dei som ønskjer hjelp for å etablere seg i regionen.

Invest in Vestland er den lokale partnaren til Invest in Norway, som er Innovasjon Norge sitt nasjonale arbeid for å auke investeringar og etableringar i Noreg. Gjennom Invest in Norway har Invest in Vestland kontakt inn til Invest in Norway sitt internasjonale kontaktnett og internasjonale tilsette.   

Korleis arbeider Invest in Vestland? 

Invest in Vestland har eit stort nettverk og er godt kjend med areal, næringane, klyngene og organisasjonane i Vestland. Desse er viktig samarbeidspartnar for arbeidet med å jobbe målretta for å få fleire etableringar og investeringar til regionen.   

Invest in Vestland arbeidar langs to aksar:

  • Hjelpe mindre internasjonale bedrifter med å trygg etablering, innreise, visum, tilgang til nettverk og andre praktiske forhold.
  • Rådgje større industrielle satsingar som krev store næringsareal med tilgang til mykje elkraft.

For å nå målet om fleire internasjonale etableringar langs dei to aksane, vert det kvart år utarbeidd handlingsplanar knytt til overordna strategiar innan følgjande tema: 

  • Marknadsføring og profilering av regionen. 
  • Aktivt sal av regionen som ein attraktiv stad å etablere seg i. 
  • På staden-service for delegasjonar og verksemder som vitjar regionen. 
  • Næringsvenleg offentleg sektor: Korleis kan kommunane og det offentlege leggje betre til rette for at nytt næringsliv skal etablere seg i vår region.