Førstelinjetenesta for gründerar

Kva snakkar vi eigentleg om når vi snakkar om førstelinjeteneste for gründerar? Korleis gjer vi det i Vestland? Gjennom samtalar med 37 av kommunane i Vestland har vi kartlagt kva som fungerer godt, kva som er utfordrande og kva for behov kommunane har knytt til førstelinjetenesta for gründerar.

Førstelinjetenesta er inngangsporten til resten av det offentlege verkemiddelapparatet, som bidrar til at fleire nye bedrifter utviklar seg og overlev. Det er ei kommunal oppgåve å ha eit næringsapparat som skal fungere som første kontaktpunkt for gründerar for å hjelpe dei i gang med oppstart av bedrift, men det er ikkje lovpålagt. 

Kart over kommunane i Vestland, kor kvar kommune har fått ein farge basert på korleis førstelinjetenesta er organisert: internt i kommunen, gjennom utviklingsselskap, gjennom innovasjonsselskap eller gjennom Etablerersenteret. Nokre kommunar nyttar fleire modellar og har derfor fleire fargar.
Kart over kommunane i Vestland, kor kvar kommune har fått ein farge basert på korleis førstelinjetenesta er organisert: internt i kommunen, gjennom utviklingsselskap, gjennom innovasjonsselskap eller gjennom Etablerersenteret. Nokre kommunar nyttar fleire modellar og har derfor fleire fargar.

Hovudfunn frå rapporten

Samtalar med kommunane har vist at det fins mange ulike måtar å løyse denne oppgåva på, og det er fordelar og utfordringar knytt til kvar av dei. 

Styrkar i dagens førstelinjeteneste: 

Det er ein fordel om kommunen prioriterer næringsutvikling og førstelinjeteneste høgt, og sørger for god flyt og informasjon. I tillegg er det ein fordel om kommunen og næringslivet har kontaktpunkt gjennom t.d. næringsforening.

Utfordringar som går igjen: 

Fleire kommunar peikar på ressursmangel som ei sentral utfordring. Det er ofte få personar som skal dekke eit breitt spekter av oppgåver, og organiseringa er sårbar for endringar. I mindre kommunar er det lågt volum av førespurnadar, noko som gjer det krevjande å oppretthalde kompetanse og tilbod. Plattformen En vei inn er lite brukt, og fleire fryktar at den kan skape tersklar heller enn å senke dei.

Behov og ønske frå førstelinjetenesta:

  • Det manglar nasjonale føringar og definisjonar for kva førstelinjetenesta skal innehalde, og mange etterspør ei betre forståing av kva som er forventa.
  • Sidan mange er aleine i rolla som førstelinjeteneste, er det eit klart behov for eit fagleg og kollegialt nettverk. 
  • Fleire av kommunane etterspør hjelp til å tilby gründerrettleiing til innvandrarar og spesielt flyktningar. 
  • Mange ytra ønske om at fylkeskommunen skal vere ein koplingsboks, eit kontaktpunkt som kan  halde oversikt og setje saman relevante samarbeid og prosjekt.
  • I fleire intervju kom det fram ønskje om ein styrka kultur for næringsutvikling og gründerverksemd.

Konklusjon

Rapporten har identifisert at det er behov for betre rolleforståing og kompetanse i førstelinjetenesta, eit nettverk og kollegialt fellesskap, koplingar og samarbeid, og å fremje gründerkultur. Basert på desse behova legg rapporten fram tre tilrådingar som kan bidra til å styrke førstelinjetenesta: 

  1. fylkeskommunen som koplar og kulturbyggar
  2. nettverk for førstelinjetenesta
  3. kompetansesenter for førstelinjetenesta

Rapporten blei skrive som del av arbeidet med planen Berekraftig verdiskaping: Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og tilhøyrande handlingsprogram og årsplanar.

Vil du lese meir om førstelinjetenesta?

Du kan lese heile rapporten ved å klikke på linken under. Der går vi gjennom dei ulike modellane for organisering av førstelinjetenesta i større detalj.

Åpne rapporten (pdf)