Taretråling

I Vestland kan det trålast etter tare i fastsette haustefelt. Kvart felt er opent for taretråling kvart femte år.

Tråling etter tare vert regulert etter regionale hausteforskrifter fastsett av Fiskeridirektoratet. Desse forskriftene skal reviderast kvart femte år, og fylkeskommunen har ansvar for å førebu revisjonsarbeidet og utarbeide framlegg til forskrift. Hausteperioden for kvart felt er frå 1. september til 31. august, og kva felt som til ei kvar tid er opent for tråling er markert med grønt i kartet du finn til høgre på sida.  

Norge har Europas største bestandar av tang og tare. Ca 10.000 kvadratkilometer av den norske kysten er dekka med tang og tare, noko som svarar til landet sitt areal av dyrka mark.  

Tareartane toler i liten grad tørrlegging og veks nedanfor lågvassmerket, ned til ca. 30 meters dyp. 

Alginat er det mest kjente stoffet som utvinnast frå stortaren. Dette sukkerstoffet nyttast i mange ulike produkt, mellom anna iskrem, ulike gelear og medisinar.