Styrka marin innsats i Vestland
Korleis kan vi styrke verdiskapinga innan akvakultur samtidig som vi reduserer avtrykket på klima, miljø og naturmangfald?
Det er noko av det prosjektet styrka marin innsats arbeider for å finne svar på.
Samarbeid
Det er mange aktørar som arbeider godt med å løyse sentrale utfordringar innan akvakultur, i ei tid med styrka merksemd på miljø, naturmangfald og klima. Vestland fylkeskommune ser at vi kan lukkast betre om vi samarbeider tettare i arbeidet med å løyse desse kompliserte problemstillingane. Vi ønskjer å samle offentleg verksemd, næringsliv og kunnskapsmiljøa til å samarbeide tettare for å lukkast i arbeidet med å skape meir verdiar, samtidig som det skal gi mindre avtrykk på omgjevnadane våre.
Overordna mål
Den styrka marine innsatsen femnar først og fremst om problemstillingar innan berekraftig akvakultur og verdikjeda kring akvakultur. Det overordna målet med innsatsen er å legge til rette for ei styrka verdiskaping innan akvakultur i Vestland, samstundes som det blir lågare avtrykk på klima, miljø og naturmangfald. I tillegg er det viktig at innsatsen bidreg til at vi når miljømåla etter vassforskrifta. Vi må og drive akvakultur på ein berekraftig måte i tråd med EU sin taksonomi for berekraftige økonomiske aktivitetar (klassifiseringssystem som angir kriterium for kva aktivitetar som kan reknast som berekraftige).
Seks innsatsområde
For å få til den ønska utviklinga må vi saman gjere vårt for å vere med å løyse utfordringane innan mellom anna arealbruk, lus, rømming, berekraftig fiskefôr, slam og andre avfallsressursar, fiskehelse og fiskevelferd. I dette prosjektet har vi forma seks innsatsområde som skal medverke til den ønska utviklinga:
- God planlegging og oppdaterte arealplanar
- Kompetanse og rekruttering
- Forsking og utvikling
- Møteplassar og nettverk
- Påverknad av rammevilkår
- Ressursutnytting og verdikjeder
Innsatsområde 1 - God planlegging og oppdaterte arealplanar
Det spissar seg til med arealutfordringar, der ein i endå større grad må avvege ulike omsyn med tanke på næringsverksemd opp mot naturomsyn og friluftsliv. For akvakultur gjeld dette arealbruk på både sjø og no i aukande grad også på land. Det er behov for å sjå større sjøområde i samanheng for å legge til rette for «rett bruk» av det disponible arealet, og legge ulik akvakulturverksemd der ein kan produsere med minst mogeleg avtrykk på omgjevnadane. Marine grunnkart og eit godt planleggingsgrunnlag gjer det lettare å lage dei oppdaterte og gode planane som ein treng. God planlegging og oppdaterte planar føreset også tilstrekkeleg plankompetanse og plankapasitet i kommunane, og eit tettare samarbeid mellom både kommunar og andre offentlege verksemder.
Vi ønskjer å samarbeide tett med kommunane i tidleg planfase, utvikle kunnskapsgrunnlaget for kommunal arealplanlegging og sikre eit mangfald i sjømatproduksjon. For å få til dette vil vi møte kommunane for kunnskapsutveksling og dialog, samarbeide med statlege organ, identifisere ueigna arealområde for havbruk, modellere marin biologisk mangfald og støtte utvikling av oppdrett av andre marine artar.
Innsatsområde 2 - Kompetanse og rekruttering
Marine næringar er i rask utvikling, og dette fordrar vidareutvikling av kompetansen til dei som alt er i næringa. Det fordrar tilgang på tilstrekkeleg med arbeidskraft innan dei ulike fagområda. Med ny produksjonsteknologi aukar også behovet for teknisk kompetanse. Det er følgjeleg viktig med tilbod innan kompetanseutvikling som kan kombinerast med arbeid. Det er og viktig å få rekruttert inn tilstrekkeleg med nye fagfolk, ikkje minst innan dei tekniske faga.
Vi ønskjer å styrke kompetanse og rekruttering gjennom betre samarbeid mellom næringa og utdanningsinstitusjonar. Vi vil bidra til samarbeid mellom vidaregåande skular og fagskulen for å utvikle marine utdanningstilbod, hospitering og utvekslingsprogram, og auka kontakt mellom studentar og bedrifter.
Innsatsområde 3 - Forsking og utvikling
Forsking og utvikling innan dei marine næringane må bidra til auka verdiskaping samstundes som klimaavtrykket blir redusert med mindre negativ påverknad på miljø og naturmangfald. For å bidra til dette må det arbeidast med ny kunnskap og nye løysingar retta mot utfordringar som er særleg avgjerande for berekraftig utvikling av marine næringar i Vestland fylke.
Det er fleire store nasjonale forskingsprogram/prosjekt som arbeider med dei sentrale utfordringane innan marine næringar, men nokre av problemstillingane er viktigare for Vestland. Desse problemstillingane vil vi arbeide med.
Sentral aktivitet vil vere å få med bedriftene i arbeidet med ny kunnskapsutvikling og innovasjon. Det er desse som til dagleg arbeider med å redusere utfordringane. Vi vil mellom anna vidareføre dialogen med næringa om å utvikle presise problemstillingar til nye utlysingar, og sette opp nye bedriftsretta utlysingar. Vi vil og bidra til å ta i bruk og formidle eksisterande kunnskap.
Målet er å drive forsking som aukar verdiskapinga, reduserer klimaavtrykket og minimerer negativ påverknad på miljø og naturmangfald. Vi ønskjer å ha dialog med næringa for å utvikle konkrete problemstillingar, og lyse ut forskingsmidlar for prosjekt retta mot aktuelle problemstillingar.
Innsatsområde 4 - Møteplassar og nettverk
Arbeidet vil konsentrere seg om å knyte saman ulike aktørar innan marin sektor, inkludert næringsliv, forsking, kommunar og statlege etatar. Arbeidet med samlingar som havbruksmøte og miljøseminar innan akvakultur blir trappa opp. Gjennom å samle aktørar til relevante konferansar og messer, som t.d. Aqua Nor og Nor Fishing vil samarbeid og nettverksbygging bli styrka. Innsatsen vil bli intensivert for å samle prosjekt knytt til berekraftig sjømat for informasjonsdeling og felles diskusjon. Vi ser også for oss å skape eit nettverk for kommunar som møter liknande utfordringar innan havbruk. Målet med denne tilnærminga er å skape sterkare band og fremje felles innsats i alle relevante arenaer.
Vi ønskjer å styrke samarbeidet mellom ulike aktørar gjennom møte, konferansar og felles stand på messer. Vi vil mellom anna halde fram med å arrangere miljøseminar, og vi vil intensivere innsatsen med havbruksmøte. Vi vil delta på messer, dele informasjon og samarbeide gjennom prosjekt innan berekraftig sjømat. Vi ønskjer og å få til eit nettverk for havbrukskommunar som står overfor dei same utfordringane.
Innsatsområde 5 - Påverknad av rammevilkår
Vi held oss til rammevilkår som er gjevne frå sentralt hald. Det er derfor viktig å kunne påverke desse rammevilkåra til beste for utvikling av ei berekraftig akvakulturverksemd i Vestland. Vi treng å sjå på løysingar som driv fram berekraftig utvikling. Det kan handle om alt frå økonomisk stimulans til justeringar i regelverk. I tillegg er det avgjerande med ein lokal politikk som vektlegg det som gjer Vestland unikt og som kan styrkje grøn utvikling.
Hovudfokuset vårt er å få sentrale aktørar til å forstå kor viktig det er å fjerne hindringar for grøne investeringar, ha stabile rammevilkår som fremjar berekraft, skape betre forhold for klima- og dyrevennleg produksjon, og oppmuntre til nyskaping og teknologiutvikling. Samstundes må vi ha klart for oss at lokale forhold for sjømatnæringa treng tilpassing, for å kunne drive på ein måte som er positiv for både økonomi og natur.
Innsatsområde 6 - Ressursutnytting og verdikjeder
Den marine næringa i Vestland er ikkje berre viktig for seg sjølv, men spelar også ei viktig rolle i eit større samspel mellom hav og land. Vi jobbar med å løfte fram og styrke denne næringa, særleg gjennom å legge til rette for samarbeid mellom ulike fjordområde (havregionar). Vi jobbar også med å bygge bru mellom den marine næringa og andre næringar, slik at vi kan lage grønare og meir berekraftige løysingar for framtidige utfordringar. Dette inneber mellom anna å bruke avfall og slam frå andre næringar og verdikjeder til å forbetre den marine næringa og å redusere fotavtrykket frå importert fôr. For å oppnå dette, treng vi hjelp frå alle - både politiske leiarar, forskarar og dei som jobbar direkte i næringa. Ved å jobbe saman, kan vi byggje ei sterkare og grønare framtid for den marine næringa i Vestland.
Vi ønskjer å utvikle grøne verdikjeder og fremje samspel (industriell symbiose) i den marine næringa. Dette kan vere knytt til avfall og slam, redusere fotavtrykket frå importert fôr, oksygenleveranse frå hydrogenanlegg eller varme frå diverse industriproduksjon. Vi ønskjer å auke samarbeidet mellom etablerte samarbeidsfora (havhubbar) og å støtte prosjekt som fremjar industriell symbiose. Her er det viktig å vere i dialog med næringsaktørane og forskingsmiljø for å identifisere konkrete behov.
Organisering
- Prosjekteigar og oppdragsgivar: Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon
- Prosjektansvarleg: Endre Høgalmen, seksjonssjef naturressursar, landbruk og reiseliv
- Prosjektleiar: John Anton Gladsø
- Prosjektmedarbeidarar: Elisabeth Adele Holmen Dye og Silje Vindenes (permisjon)
- Styringsgruppe: Vestland fylkeskommune, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Sjømat Norge, Sjømatbedriftene og Innovasjon Norge
- Prosjektgruppe: Vestland fylkeskommune, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Sjømat Norge, Sjømatbedriftene og Innovasjon Norge
- Observatør: Statsforvaltaren
- Eksterne ressursar: Representantar frå næringa, forskingsinstitusjonar, akademia og interesseorganisasjonar