Meir opplæring i fag frå vidaregåande skule
Har du eit fag du ikkje har bestått? Då kan du ha rett til meir opplæring slik at du kan fullføre vidaregåande opplæring.
Du har rett på meir opplæring viss du i eitt fag har fått:
- karakter 1 i standpunkt eller på eksamen
- IV (ikkje vurderingsgrunnlag)
- ikkje møtt til eksamen
Dette gjeld òg fag du ikkje bestod for nokre år sidan – ikkje berre i år.
Skal du vere elev på ein offentleg vidaregåande skule skuleåret 2026/27?
Skulen du skal gå på neste skuleår har ansvar for at du får opplæringa du treng. Viss du har fag du ikkje har bestått, vil skulen din ta kontakt og gi deg eit tilbod om meir opplæring innan utgangen av september.
- Du vel sjølv om du vil takke ja.
- Du mister ikkje retten til meir opplæring viss du takkar nei – du kan komme tilbake seinare når det passar betre.
Ta kontakt med skulen din viss du har spørsmål.
Går ikkje på skule eller skal du gå på ein privat vidaregåande skule skuleåret 2026/2027?
Du må sjølv søkje om meir opplæring. Fyll ut søknadsskjemaet innan 10. august 2026.
Du vil få eit tilbod som du må takke ja eller nei til innan utgangen av september.
Korleis er opplæringa organisert?
Meir opplæring fører fram til standpunktkarakter i faget og kan organiserast på fleire måtar:
- Ta faget på nytt på ein skule.
- Opplæring på nett via Nettskulen i Vestland
- Komprimerte kurs i skuleferiar.
Du vil få opplæring i heile læreplanen, men opplæringa kan vere meir konsentrert over kortare tid enn ordinær opplæring.
Dette er viktig å vite:
- Det er skulen som bestemmer korleis opplæringa blir organisert.
- Du har ikkje rett på eit individuelt tilpassa tilbod.
- Du må delta i heile opplæringa.
- Fråværsgrensa gjeld.
Kan eg bli trekt ut til eksamen?
Hovudregelen er at du ikkje blir trekt ut til eksamen når du får meir opplæring i eit fag.
Unntaket er viss du treng eksamen for å oppfylle kravet til eksamenar på vitnemålet ditt. I så fall vil du bli informert om dette.
Andre måtar å fullføre på?
Dersom der er vanskeleg for deg å følgje eit opplæringsløp, kan du ta faget som privatist. Viss du vurderer dette, bør du vite at du ikkje vil få førstegongsvitnemål.
Les meir om privatisteksamen og oppmeldingsfristar her.
Kan eg ta ny, utsett eller særskild eksamen (NUS) og få meir opplæring samtidig?
Ja, du kan få meir opplæring og samtidig vere oppmeldt til ny, utsett, eller særskild eksamen (NUS-eksamen).
Du har rett på ny eksamen dersom du fekk karakteren 1 på ein eksamen skulen trekte deg ut til som elev. Du har rett til særskild eksamen dersom du fekk 1 i standpunkt. Dersom du var sjuk på eksamen og har dokumentert fråvær, har du rett på ny eksamen.
Du må ta NUS-eksamen semesteret etter at du fekk 1 standpunkt eller på eksamen eller var sjuk på eksamen.
Du kan vere oppmeldt til NUS- eksamen og samtidig få opplæring på ein skule. Opplæringa du får skal ikkje eksamensretta. Dersom du er oppmeldt til NUS-eksamen, kan du tidlegast få ny standpunktkarakter etter at resultatet på NUS-eksamen er klart. Består du eksamen, mister du retten til opplæring i faget og må slutte i faget.
Eg er ikkje nøgd med karakterane frå vidaregaånde, kan eg få meir opplæring?
Om du har fått karakteren 2 eller betre i eit fag er det bestått. Då har du ikkje rett til meir opplæring. Om du vil forsøke å forbetre karakteren, må du eksamen som privatist.
Kan eg få meir opplæring og vere privatist?
Nei, du kan ikkje vere privatist i same fag som du mottek meir opplæring i.
Kan eg få meir opplæring sjølv om eg ikkje har søkt ordinært inntak?
Ja, det kan du. Dersom du har gjennomført opplæring i eit fag og fått 1 eller IV i faget, har du rett til å få meir opplæring i faget. Du treng berre å melde frå til oss på skjemaet som du finn i boksen til høgre på denne sida.
Regelverk
Du kan lese meir om regelverket i opplæringsforskrifta § 5-2.