Lille Lauvøysund bru stenger
Lille Lauvøysund bru stenger frå 5. oktober–9. oktober (veke 41 og haustferie) grunna vedlikehald av brua.
Brua blir stengt i fem dagar
Køyrebana på brua er smal, og det er ikkje mogleg for køyretøy eller gåande og syklande å passere når arbeidet pågår. Vegen blir stengt i heile anleggsperioden av omsyn til tryggleiken for trafikantar og dei som arbeider i prosjektet.
Stengetid: mandag 5. oktober kl. 00.00–fredag 9. oktober kl. 23.59
Tilpassa bussrute
Vestland fylkeskommune set opp ei tilpassa bussrute i området, nr. 411, saman med Skyss.
Meir informasjon om bussruter på skyss sine nettsider
Båttransport
Det blir tilbod om persontransport med båt til og frå Ramsøy kai og Frydenbø kai på Hanøytangen i anleggsperioden. Overfartstida er rekna til 15 minutt.
Vi tek atterhald om at enkelte avgangar og ankomstar kan bli justerte med nokre minutt.
Båtruta vil gå "om sør" for å unngå ferdsel under brua og ivareta sikkerheita til båtrafikken i anleggsperioden.
Parkeringsplassar
Hanøytangen
På kaien ved Hanøytangen vil det vere 50 parkeringsplassar til disposisjon for dei som skal ta båt. Det er ikkje mogleg å reservere plass.
Søndag 4. oktober er bomen til Hanøytangen open kl. 20.00–21.00 for parkering av private bilar.
Ramsøy
Beredskap
Vestland fylkeskommune har dialog med Askøy kommune og naudetatar om vegstenginga. Kommunen lagar plan for beredskapen i perioden brua er stengt for å sikre innbyggarne under stenginga.
Sjå meir informasjon på Askøy kommune sine nettsider.
Lengre levetid og mindre støy
Lille Lauvøysund bru har i dag eit brudekke av gitterrister som er slitt ned etter fleire tiår med trafikkbelastning. Tida er no inne for å vedlikehalde brua og skifte ut slitte gitterrister med eit komposittdekke. Dekket vil ha lengre levetid, ruste mindre og ha minimalt behov for vedlikehald. Det skal og leggast asfalt på brudekket før opning.
Mindre støy
Det har vore ein del støy frå trafikken over brua. Dette kjem av at ristene er i direkte kontakt med dei underliggande stålbjelkane. Med nytt dekke vil støyen bli vesentleg redusert.
Har du spørsmål?
Kristoffer Hove, prosjektleiar i Vesland fylkeskommune
kristoffer.hove@vlfk.no
Mobil: 911 16 125
Trond Baardseth, byggeleiar i Vestland fylkeskommune
E-post: trond.baardseth@vlfk.n
Mobil: 994 15 075
Spørsmål og svar
Er det mogleg å få til fleire parkeringsplassar hos Frydenbø mens brua er stengt?Vi holder oss til tidligere avtalt omlag 50 biloppstillingsplassar ved Frydenbøbygget. Det er ikkje fleire tilgjengelig.
Er det mogleg å få båtplassar hos Frydenbø mens brua er stengt?
Dette er dessverre ikkje tilgjengeleg hos Frydenbø eller hos aktørane på same område.
Er det andre alternativ/ekstra parkering om det ikkje er ledige plassar på parkeringa på Frydenbø?
Askøy kommune vil undersøke dette nærarar. Til dømes er det gangavstand omlag 800 meter frå Hanøytangen til krysset ved skulen.
Er det mogleg å parkere bilar ved Hanøy skole i haustferieperioden?
Det vil vere fem tilgjengelege parkeringsplassar ved Hanøy skole.
Er det mogleg for lading hos Frydenbø?
Det er ikke mogleg å lade privatbilar ved Frydenbøkaia. Vi minnar om alle bør planlegge godt og lade på Circke K Ravnanger eller andre stadar der dette er mogleg.
Vi jobbar med å finne løysingar og svar på fleire spørsmål fra bebuarar som ble stilt på informasjonsmøte. Vi legg ut her så snart dei er klare.