foto av eiketre
(Illustrasjonsfoto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune)

Lovskaping i mellomalderen

I mellomalderen vart det laga mange folkelege lover for ulike landsdelar. Nokre kan daterast tilbake til 1000-talet, og kanskje endå tidlegare.

I mellomalderen i Noreg (ca. 800–1537), som i ei Europeisk forståing blir anteken å også innehalde Vikingtida (ca. 800–1066), vart det laga mange folkelege landskapslover som inneheld både sekulære (ikkje-kyrkjelege) og kyrkjelege rettar. 

Medan ein stor del av desse er gått tapt, og berre blir nemnde med namn i sagalitteraturen frå Island og delvis Noreg frå 1200-talet og utover, kjenner vi til ein del av dei eldre norske landskapslovene, i både mellomalderen - og tidlege moderne avskrifter, med tekst som delvis kan daterast tilbake til 1000-talet, og kanskje endå tidlegare.

Dei eldste landskapslovene

Mest kjend er dei eldste landskapslovene til Gulatinget, som gjaldt for Vest- og Sør-Noreg, og Frostatinget som vart brukt i Midt- og (delvis) Nord-Noreg. Som regel vart landskapslovene ikkje skrivne ned før seint 1000-talet. Før stod slike rettar i ein munnleg tradisjon, og vart lært gjennom hugsereglar. Dei eldste kjende landskapslovene og kristenrettane inneheld ein del slike reglar, og speglar ulike former for eldre sedvanerett og lokale juridiske føresetnader.

Den eldre Gulatingslova består av 14 kapittel (bolkar) med 319 underkapittel. Desse regulerte mange ulike sider av det kristen samfunnet, mellom anna forholdet mellom kyrkja og individet, handel, arv, landsleige, straffereglar og ikkje minst tingordning på Vestlandet. Samlingar av rettsreglar som den eldre Gulatingslova var likevel ikkje statisk og vart redigert og utvida av både lagmenn og kongar. Dette skjedde gjennom rettarbøter og andre former for rettsendringar.

foto av gammelt dokument.
FRAGMENT: FRAGMENT: "NRA 1 B" er blant dei eldste kjende gamalnorske fragmenta, og inneheld delar av den eldre Gulatingslova. Det består av to versjonar kombinert til éin tekst. "NRA 1 B" viser til dei to versjonane i raude markeringar: «o.l.» angir Olavsteksten, medan «m» viser til Magnusteksten. (Kjelde: Riksarkivets diplomsamling, Norrøne membranfragmenter)

Ført i pennen av erfarne skrivarar i Bergen

Dei eldste kjende norske landskapslovene finst i ei diplomsamling i Riksarkivet med signaturen NRA 1 B, og kan daterast til 1180 eller kort etter.
Fragmentsamlinga inneheld delar av den eldre Gulatingslova. Ein komplett versjon av same lova finst i eit manuskript datert til 1250 med namnet Codex Rantzovianus. Både fragmentsamlinga og Codex Rantzovianus blir anteken å ha blitt ført i pennen av erfarne skrivarar i Bergen.

Olavstekst og Magnustekst

Den eldre Gulatingslova inneheld to samanknytte tekstbolkar: Ein som blir kalla Olavstekst og ein tekstbolk som er yngre, kjent som Magnustekst. Olavsteksten er den største tekstbolken, og inneheld både kyrkjelege og verdslege reglar. Nokre kan daterast tilbake til kong Olav II Haraldsson, som teksten ofte er oppkalla etter. Mykje vart likevel tilført etterpå, og teksten var i ei stadig forandring.

Den største endringa skjedde tidleg på 1170-talet, då kong Magnus Erlingsson la til den tidlegaste kjende tronfølgjelova for det norske riket. I samsvar med Erkebiskop Øystein Erlendsson av Nidaros vart også delar av kyrkjeretten endra eller utvida med nye paragrafar i Magnusteksten. Det resulterte i ein unik situasjon, der eldre delar av lova vart plassert saman med nye delar. Begge tekstane er skrivne saman, og referert til i rubrikkar der det blir nemnt at anten kong Olav eller kong Magnus har bestemt ein paragraf, eller at begge to har hatt same meiningar om andre. 
Det er i denne svært uvanlege rettssituasjonen at både fragmentsamlinga og Codex Rantzovianus vart skriven og brukt.

foto av gamalt dokument
INNEHELD HEILE LOVTEKSTEN: På same vis som med "NRA 1 B" inneheld Codex Rantzovianus frå 1250 to versjonar av den eldre Gulatingslova. Her er dei delvis skrivne mellom linjene. Codex Rantzovianus er det einaste manuskriptet som inneheld heile lovteksten. (Kjelde: København, Det Kongelige Bibliotek, MS DonVar 137 4to, f. 4r; Foto/ill.: Fylkesarkivet i Vestland.)

Nye Gulatingslova

Vestlandet sine kristne landskapsrettar held fram med å vere ein del av den eldre Gulatingslova fram til ein rettsleg omorganiseringsfase på 1250- og 1260-talet under kong Håkon Håkonsson og kong Magnus Håkonsson.
Dette resulterte i den nye Gulatingslova, som sannsynlegvis gjaldt frå og med 1267 fram til Landslova vart innført i dei fire landsdelane av Noreg i 1274 og etter. På den tida var kristenretten som regel skilt frå resten av lova. Dei lovene som framleis verka, var forordningar som definerer forskjellen mellom konge- og kyrkjemakt, og ein ny og utvida versjon av tronfølgjelova.

foto av eiketre
(Illustrasjonsfoto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune)

Landskapslovene

  • Landskapslover var lover som gjaldt innan bestemte landsdelar i mellomalderen i Norden.
  • I Noreg gjaldt i prinsippet fire landskapslover: Gulatings-FrostatingsEidsivatings- og Borgartingslova
  •  Berre lovene til Gulating og Frostating er bevarte, i tillegg til et lite fragment som kanskje vart brukt både i Eidsivating og Borgarting.
  • Landskapslovene gjaldt inntil dei blei avløyste av Magnus Lagabøtes landslov i 1274.
  • Også landslova fekk noko ulik utforming på dei fire lagtinga , og vart truleg vedteken separat på kvart ting.

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo