Utvandrarjubileet

I 2025 vert det nasjonale utvandrarjubileet, Crossings 200, markert både i Noreg og Nord-Amerika. Visjonen for markeringa er å synleggjere norsk utvandring som ein viktig del av nyare norsk historie, og korleis utvandringa kan skape forståing for integrering og fellesskap i det norske fleirkulturelle samfunnet.

Frå havna i New York. Norsk-amerikanarane Knut M. og Johannes M. Instefjord var på 'heimtur' frå april til juli i 1949 - her frå avreisa.
New York: Hamna i New York var det første møtet med Amerika for svært mange av dei norske emigrantane. (Foto: ukjend fotograf. Foto-ID: SFFf-1994268.0002)

Mål for jubileet

  • Synliggjera Vestland sin rike kultur- og migrasjonshistorie
  • Stimulera til regionale markeringar og aktivitetar i både Vestland og USA
  • Auka forståinga for migrasjon, identitet og tilhøyrsel i samfunnet vårt
  • Skapa refleksjon rundt dei historiske og moderne utfordringane knytt til migrasjon

Kva vil vi gjera?

Vi vil utvikla eit interaktivt formidlingsopplegg for barn og ungdom basert på historisk arkivmateriale frå Vestland og Nord-Amerika. Prosjektet vil bli tilrettelagt for bruk i skular og bibliotek gjennom DKS (Den kulturelle skulesekken). Vi vil òg jobba for å stimulera til lokale markeringar av jubileet.

Internasjonal markering

I samarbeid med det nasjonale nettverket vil Vestland fylkeskommune også samarbeida om markeringar i USA, der det norske miljøet vil arrangera ulike festivalar og arrangement som heidrar og problematiserar vandringa mellom Noreg og Nord-Amerika, og med det aktualisere vilkåra til menneske på vandring i dag.

Rolla til Vestland 

Vestland fylkeskommune tek på seg ei regional koordinatorrolle i Crossings 200, og vil fungera som eit bindeledd mellom lokale aktørar og den nasjonale jubileumskomiteen. Fylkeskommunen vil også jobba for å styrkja banda mellom Vestland og det norsk-amerikanske samfunnet gjennom ulike kulturaktivitetar.

Det lokalhistoriske webinaret 2025, arrangert av Vestland fylkeskommune den 8. april, hadde temaet utvandrings- og migrasjonshistorie, med særleg fokus på den norske utvandringa til USA. Webinaret retta seg mot eit breitt publikum, inkludert historieinteresserte, studentar og fagpersonar, og inneheldt føredrag frå både nasjonale og internasjonale innleiarar.

Dagen starta med ei velkomsthelsing frå Arnt Ola Fidjestøl i Vestland fylkeskommune. Deretter heldt professor Daniela Hoffmann frå Universitetet i Bergen eit føredrag om migrasjon frå eit steinalderperspektiv. Eirik Helleve, avdelingsleiar ved Voss folkemuseum, presenterte utvandringshistoria frå Voss. Etter ei kort pause tok professor emeritus Gunnstein Akselberg frå Universitetet i Bergen for seg «amerikanske» stadnamn i Noreg. Babek Hosami og organisasjonen Memoar delte migrasjonsminne og erfaringar frå møtet med Noreg.

Etter lunsj heldt Terje Mikael Hasle Joranger, fag- og forskingsdirektør ved Norsk utvandrermuseum og professor II ved Universitetet i Innlandet, eit innlegg om stadkjensle, landskap og migrasjon, med kopling til den nasjonale 2025-markeringa CROSSINGS 200. Webinaret vart avslutta med ei orientering frå Vestland fylkeskommune om vidare planar i jubileumsåret.

Webinaret blei gjennomført digitalt via Teams, og deltakarane måtte melde seg på i forkant. Arrangementet gav innsikt i korleis migrasjon har påverka kulturen og samfunnet gjennom tidene, og korleis desse rørslenes spor framleis er synlege i dag.