Rapportering på utgåtte tilskotsordningar innan felta kultur og folkehelse
På denne sida finn du informasjon til deg som har fått tilskot frå utgåtte tilskotsordningar og skal rapportere på korleis tilskota er brukte.
Vestland fylkeskommune innførte ny modell for tilskotsordningar for kultur og folkehelse våren 2026. Her har vi samla informasjon til deg som skal rapportere på mottekne tilskot frå tilskotsordningar som ikkje gjeld lenger.
Ny tilskotsforvaltning
Tilskota er no delte i tre hovudkategoriar: drift, nyskaping og investering. Det skal framleis vere mogleg å søkje støtte til dei same tiltaka som før, og det samla budsjettet for tilskotsordningane er ikkje redusert.
Her finn du alle gjeldande tilskotsordningar på felta kultur og folkehelse.
Utgåtte tilskotsordningar
Tilskot til vaksenopplæring
Vestland fylkeskommune har lyst ut tilskot til vaksenopplæring gjennom dei regionale studieforbunda i Vestland. Målet er å stimulere til opplæringsverksemd gjennom dei regionale/fylkesvise studieforbunda og i medlemsorganisasjonane som er tilslutta studieforbunda.
Retningslinjer for tilskot til vaksenopplæring (pdf) - kjem.
Rapportering
De rapporterer i ordninga ved å legge ved årsmelding og rekneskap for 2025 saman med søknad om tilskot i ordninga driftstilskot kultur og folkehelse i 2026.
Kontaktperson
Åge Avedal, age.avedal@vlfk.no
Tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur
Tilskotsordninga har gjeldt aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland fylke, og tilskot har gått til prosjekt og tiltak med kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål.
Retningslinjer for tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur (pdf) - kjem.
Rapportering
Midlane vert i hovudsak utbetalte etter at innsendt rapport og rekneskap er godkjend. De som har fått tilskot, må sende dette innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og seinast eitt år etter vedtak om tilskot. De finn lenke til digitalt rapporteringsskjema på sida.
Gå til digitalt rapporteringsskjema.
Kontaktpersonar
Eva Kristin Svidal, eva.kristin.svidal@vlfk.no
Erlend Sæbø Tvinnereim, erlend.sebo.tvinnereim@vlfk.no
Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv
Ordninga har hatt som mål å løfte frivillig kulturaktivitet og eit mangfaldig og sterkt kulturliv i heile fylket, og har gjeldt for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet.
Retningslinjer for tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv (pdf) - kjem.
Rapportering
Dei som har fått tilskot skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
Gå til digitalt rapporteringsskjema for tilskot til prosjekt og tiltak i frivillig kulturliv.
Kontaktperson
Åge Avedal, age.avedal@vlfk.no
Kulturelt utviklingsprogram (KUP)
Kulturelt utviklingsprogram har gått inn i den nye ordninga Regionalt kulturfond Vestland.
Retningslinjer for kulturelt utviklingsprogram (pdf) - kjem.
Rapportering
For fleirårige prosjekt som har fått støtte gjennom KUP, skal det sendast inn statusrapport kvart år. Det gir grunnlag for utbetalingane i perioden. Ved prosjektslutt skal det sendast sluttrapport og revidert rekneskap til fylkeskommunen. Kva sluttrapporten skal innehalde står omtala i tildelingsbrevet.
Gå til digitalt rapporteringsskjema.
Kontaktperson
Marianne Ose Askvik, marianne.ose.askvik@vlfk.no
Tilskot til regionale ungdomsparti
Målet med tilskot til regionale partipolitiske ungdomsorganisasjonar har vore å styrke dei politiske ungdomsorganisasjonane i Vestland og slik bidra til auka politisk deltaking blant unge i fylket.
Rapportering
De rapporterer i ordninga ved å legge ved årsmelding og rekneskap for 2025 saman med søknad om tilskot i ordninga driftstilskot kultur og folkehelse i 2026.
Kontaktperson
Åge Avedal, age.avedal@vlfk.no
Tilskot til utvikling av lokal frivilligpolitikk
Tilskot frå ordninga gjekk til kommunar i Vestland sitt arbeid med å utvikle lokal frivilligpolitikk i samarbeid med lokale frivillige organisasjonar. Siste søknadsrunde i ordninga var i 2024.
Retningslinjer for tilskot til utvikling av lokal frivilligpolitikk (pdf) - kjem.
Rapportering
Tilskotsmottakarar skal rapportere på bruken av tildelte midlar innan tre månadar etter at dei har avslutta prosjektet.
Gå til digitalt rapporteringsskjema.
Kontaktperson
Åge Avedal, age.avedal@vlfk.no
Tilskot til drift av regionale barne- og ungdomsorganisasjonar
Driftstilskotet til regionale barne- og ungdomsorganisasjonar har hatt som mål å styrke organisasjonen sitt arbeid med demokratiskulering, organisasjonsutvikling og organisasjonsopplæring av barn og ungdom, og legge til rette for at medlemene sjølve styrer organisasjonen.
Retningslinjer for tilskot til drift av regionale barne- og ungdomsorganisasjonar (pdf) - kjem.
Rapportering
De rapporterer i ordninga ved å legge ved årsmelding og rekneskap for 2025 saman med søknad om tilskot i ordninga driftstilskot kultur og folkehelse i 2026.
Kontaktperson
Åge Avedal, age.avedal@vlfk.no
Marianne Ose Askvik, marianne.ose.askvik@vlfk.no
Tilskot til styrking av frivillig sektor i Vestland
Tilskot frå denne ordninga gjekk til styrking av regionale frivillige organisasjonar i Vestland etter Frivilligheitas år 2022.
Retningslinjer for tilskot til styrking av frivillig sektor i Vestland (pdf) - kjem.
Rapportering
Tilskotsmottakarar skal rapportere på bruken av tildelte midlar innan tre månadar etter at dei har avslutta prosjektet i kommunen eller organisasjonen.
Gå til digitalt rapporteringsskjema (pdf).
Kontaktperson
Åge Avedal, age.avedal@vlfk.no
Tilskot til verna kulturminne
Føremålet med tilskotsordninga har vore å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, gjennom å støtte kommunar som tek ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål.
Retningslinjer for tilskot til verna kulturminne (pdf) - kjem.
Rapportering
Kommunane skal rapportere til fylkeskommunen innan 1. februar året etter dei fekk tilskotet. Rapporten skal innehalde
- utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
- oversikt over kostnadar og finansiering for kvart tiltak
Kontaktperson
Berit Høivik, berit.alise.hoivik@vlfk.no
Museumsløft
Tilskotsordninga for museumsløft har hatt som mål at dei konsoliderte musea i fylket skal utviklast som sterke kunnskapssenter og organisasjonar. Det har også vore eit må å styrke musea som profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid.
Retningslinjer for tilskotsordninga museumsløft (pdf) - kjem.
Rapportering
Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at tiltaket er gjennomført, og seinast innan 1. desember året etter at tildelingsbrev er motteke.
Rapporten skal gje ei kort skildring av
- når og korleis tiltaket vart gjennomført
- om vilkår/føresetnader for tiltaket er gjennomført. Eventuelle avvik frå
vilkåra skal grunngjevast. Eventuelle avvik frå søknadsgrunnlag
(planar/budsjett) skal grunngjevast - i kva grad målsettinga med tiltaket er oppnådd
Kontaktperson
Ida Areklett Garmann, Ida.Areklett.Garmann@vlfk.no
Driftstilskot til regionale og nasjonale kulturminne i Vestland
Tilskot til drift av kulturminne har støtta opp om det store arbeidet frivillige lag og organisasjonar i heile Vestland tek på seg for å ta vare på den felles kulturarven vår.
Retningslinjer for driftstilskot til regionale og nasjonale kulturminne i Vestland (pdf) - kjem.
Rapportering
Her kjem det meir informasjon.
Kontaktperson
Ida Areklett Garmann, ida.areklett.garmann@vlfk.no
Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i folkebiblioteka
Tilskotsordninga har stimulert biblioteka til å gjennomføre kompetanseheving, prosjekt og tiltak som gjev eit betre tilbod til brukarane av bibliotektenesta.
Retningslinjer for tilskot til prosjekt og kompetanseheving i folkebiblioteka (pdf) - kjem.
Rapportering
Tilskotsmottakar skal sende inn og få godkjent rapport og rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Rapporten skal sendast til post@vlfk.no merka med saksnummer 2024/63818 (for tilskot 2025) eller merka med 2023/86640 (for 2024).
For utbetaling av tilskot, må de deretter sende ein elektronisk faktura i EHF-format til Vestland fylkeskommune. Utfyllande informasjon om rapportinnhald og fakturaadresse står i tildelingsbrevet de har fått.
Kontaktpersonar
Sigrid Furnes, sigrid.furnes@vlfk.no
Anja Angelskår Mjelde, anja.angelskar.mjelde@vlfk.no
Kari Skibenes, kari.skibenes@vlfk.no
Tilskot til arenautvikling folkebibliotek
Tilskotet til arenautvikling har bidrege til å danne rammer for moderne bibliotektenester og utvikle folkebiblioteka både som aktive formidlarar av kunnskap, litteratur og kultur, og som møtestader og arenaer for offentleg samtale og debatt, jf. lov om folkebibliotek.
Retningslinjer for tilskot til arenautvikling folkebibliotek (pdf) - kjem.
Rapportering
Dei som får tilskot må sende inn og få godkjent rapport og rekneskap før dei be om utbetaling av tilskotet, jf. tildelingsbrev.
- Digitalt rapporteringsskjema for 2025-tilskot
- Digitalt rapporteringsskjema for 2024-tilskot
- Digitalt rapporteringsskjema for 2023-tilskot
Kontaktpersonar
Sigrid Furnes, sigrid.furnes@vlfk.no
Anja Angelskår Mjelde, anja.angelskar.mjelde@vlfk.no
Den kulturelle spaserstokken
Gjennom Den kulturelle spaserstokken har kommunane i fylket søkt tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre.
Retningslinjer for Den kulturelle spaserstokken (pdf) - kjem.
Rapportering
Kommunane som har fått tilskot frå Den kulturelle spaserstokken, må rapportere om korleis dei har brukt pengane.
Kontaktperson
Simen Lagesen Krogstie, simen.lagesen.krogstie@vlfk.no
Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og unge, unge vaksne og eldre
Målet med tilskotsordninga har vore at tiltaka som får tilskot skal bidra til å få fleire barn, unge, unge vaksne og eldre i varig auka aktivitet.
Retningslinjer for tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og unge, unge vaksne og eldre (pdf) - kjem.
Rapportering
Sluttrapport og -rekneskap skal sendast til fylkeskommunen seinast eitt år etter tildeling.
Kontaktpersonar
Hanne Espe, hanne.marthe.espe@vlfk.no
Sarah Jane Anderson, sarah.jane.anderson@vlfk.no
Investeringstilskot til anlegg der ein kan arrangere større nasjonale og internasjonale meisterskap
Målet med investeringstilskotet har vore å medverke til at regionen får fleire store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap.
Retningslinjer for investeringstilskot til anlegg der ein kan arrangere større nasjonale og internasjonale meisterskap (pdf) - kjem.
Rapportering
Her kjem det meir informasjon.
Kontaktperson
Stine Emilie Konradsen, stine.emilie.konradsen@vlfk.no
Arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap
Idrettslag og særforbund har fått tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap som skapar stort engasjement, samhald, motivasjon til idrettsleg satsing og positive ringverknader for næringslivet.
Retningslinjer for arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap (pdf).
Rapportering
Fristen for rapportering er tre månader etter gjennomført meisterskap. Rapporten skal innehalde skildring av gjennomføring og rekneskap for arrangementet.
Kontaktperson
Rune Åland, rune.aland@vlfk.no
Tilskot til ro- og padleruter
Kommunar og interkommunale friluftsorganisasjonar har fått tilskot til kartlegging av ro- og padleruter og til fysisk tilrettelegging for padling og roing.
Retningslinjer for tilskot til ro- og padleruter (pdf) - kjem.
Rapportering
Tiltaka som får tilskot skal i utgangspunktet gjennomførast innan eit år og det skal sendast inn sluttrapport innan eit år frå dato da tilskotet blir utbetalt.
Kontaktperson
Anders Søyland, anders.soyland@vlfk.no
Tilskot til etablering av nye friluftsråd
Målet med tilskotsordninga har vore å medverke til at fleire kommunar i Vestland etablerer nye, eller blir med i eksisterande friluftsråd.
Retningslinjer for tilskot til etablering av nye friluftsråd (pdf) - kjem.
Rapportering
Her kjem det meir informasjon.
Kontaktpersonar
Anders Søyland, anders.soyland@vlfk.no
Ingrid Melvær, ingrid.elisabeth.royseth.melver@vlfk.no
Tilskot til plan for friluftslivets ferdselsårer
Plan for friluftslivets ferdselsårer er eit nasjonalt prosjekt som skal føre til betre planlegging og forvaltning av ferdselsårer som nyttes til rekreasjon og friluftsliv.
Retningslinjer for tilskot til plan for friluftslivets ferdselsårer (pdf) - kjem.
Rapportering
Her kjem det meir informasjon.
Kontaktperson
Anders Søyland, anders.soyland@vlfk.no
Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs- lærings- og meistringstilbod
Tilskotet til frisklivs-, lærings- og meistringstilbud vart avvikla i statsbudsjettet for 2026, og midlane vert innlemma i rammetilskotet til kommunane.
Retningslinjer for tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs- lærings- og meistringstilbod (pdf) - kjem.
Rapportering
Frisklivssentralar/kommunar som har fått tilskot i 2025 skal rapportere som vanleg gjennom rapporeringsskjema.
Gå til digitalt rapporteringsskjema.
Kontaktperson
Thea Christiansen Mandt, thea.christiansen.mandt@vlfk.no
Tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak
Målet med tilskotsordninga har vore å stimulere til brei samfunnsdeltaking og å bygge ned hinder som stengjer for dette. Ordninga har bidrege til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar.
Retningslinjer for tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak (pdf) - kjem.
Rapportering
Dei som har fått tilskot skal rapportere om resultat- og måloppnåing og legge fram rekneskap.
Gå til digitalt rapporteringsskjema.
Kontaktpersonar
Ingelin Malene Malkenes, ingelin.malene.malkenes@vlfk.no
Babek Aanesen Hosami, babek.aanesen.hosami@vlfk.no
ABC for god psykisk helse
Målet med tilskotsordninga var å stimulere til at ABC for god psykisk helse vart betre kjend og tatt i bruk i Vestland.
Rapportering
Frist: 1.august 2026.
Alle som fekk tilskot i 2025 vil få ein e-post i god tid før 1. august med lenke til rapportskjema.
Kontaktperson
Thea Christiansen Mandt, thea.christiansen.mandt@vlfk.no
Kunstnarstipend, folkemusikkstipend og nynorskstipend
Alle dei tidlegare stipenda er no blitt del av ordninga stipend for kultur og folkehelse.
Rapportering
Dei som får tildeling må sende inn kort rapport på bruken av stipendet innan 3 månadar etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta, og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden.
Alle som har fått stipend til og med 2025, skal rapportere om bruket via skjemaet på lenka under.
Gå til digitalt rapporteringsskjema.
Kontaktperson
Eva Kristin Svidal, eva.kristin.svidal@vlfk.no