Lokal frivilligpolitikk
Lokal frivilligpolitikk styrkar samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunar. Derfor har Vestland fylkeskommune lokal frivilligstrategi som ei viktig satsing i regional plan for kultur og frivilligstrategien for Vestland.
Fylkeskommunen sette i 2022 av 1,5 mill. kr i ei tilskotsordning for kommunane til arbeidet med lokal frivilligpolitikk. Tilskotet skal gå til utvikling og vedtak av frivilligpolitikk, medverknadsarbeid, kartlegging, kunnskapsbygging og møteplassar.
20 kommunar i Vestland har søkt om og fått midlar gjennom ordninga i 2023 og 2024: Alver, Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Bremanger, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Luster, Lærdal, Masfjorden, Osterøy, Sogndal, Stad, Stryn, Sunnfjord, Ullensvang, Vaksdal og Øygarden.
Kommunane har, i tillegg til å få tilskot, blitt invitert til å delta i eit nettverk som er leia av Frivillighet Norge og Vestland fylkeskommune.
Ein forskingsrapport frå 2020 viser at kommunar med vedtatt frivilligheitspolitikk samarbeider betre med frivillige organisasjonar. Frivillighet Norge og KS har på bakgrunn av dette utarbeida ein plattform for samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor. På samhandlingskoden.no finn du gode ressursar i arbeidet med å utvikle lokal frivilligpolitikk.