Tid og bevegelse av Anna Grevstad
Skulpturen er sett saman av to stiliserte figurar i/med kvar sin store sirkel.
- Tittel
- Tid og bevegelse
- Kunstnar
- Anna Grevstad
- Stad
- Stord vgs.: plenen framfor bygget
- Materiale
- Bronse
- Årstal
- 1977
Den eine figuren held ei klokke som viser halv åtte når ein passerer mot skulen og halv fem når ein går heimover.
Bronseskulpturen er frå 1977, men han er reparert og relokalisert i samband med bygginga av ny vidaregåande skule på Stord.