Tapende landskap av Line Anda Dalmar
Verket består av to fototapet i to trappeoppgangar. Det er nr. 18 og 19 i serien "Tapende landskap" av Line Anda Dalmar.
- Tittel
- Tapende landskap nr. 18 og 19
- Kunstnar
- Line Anda Dalmar
- Stad
- Stord vgs.: trapperom
- Materiale
- Fototapet
- Årstal
- 2025
Tapeta er 480 cm høge og 279 cm breie, og dei dekkjer heile fondveggen i trappeoppgangen.
Motivet er frå ein skog med falne sitkagran.
Fotoa er del av eit større kunstprosjekt som kunstnaren har arbeidd med sidan 2022. Prosjektet reflekterer og dokumenterer korleis det norske kulturlandskapet har endra seg etter at småskala- og sjølbergingsjordbruket frå 1950-tallet blei avvikla til fordel for skogsdrift.
Beitemarkane blei planta med hurtigvoksande sitkagran. Landskapet endra både utsjånad og karakter. I dag skjer ny total endring når områda blir flathogde. Korleis påverkar desse plutselege endringane i landskapet oss og minna våre om stadane?
Dette er analoge foto, teke med Pentax 6x7 (film: Kodak Portra), trykt på tapet og montert med Casco Premium.