Kunstverk av Marie Buskov på Stord vgs.
Alle foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kunstverk av Marie Buskov

Glasveggen mot personalrom er måla med oljemaling rett på glaset. Det var eit ønske frå personalet ved skulen at personalrommet skulle ha ei viss skjerming mot innsyn frå Hjarterommet – samstundes som det ikkje skulle stengast heilt.

Tittel
"Når lyset treffer en flate" og "I brede timers lys"
Kunstnar
Marie Buskov
Stad
Stord vgs.: glasvegg mot personalrom og fondvegg i kantineområde
Materiale
Måleri på glas, måleri på vegg og måleri på papir, innramma med kunstglas og kvit ramme
Årstal
2025

Kunstnar har måla direkte på innsida av glaset. Eit ekstra lag glas er montert på innsida etterpå, slik at måleriet er heilt forsegla.

Komposisjonen består av ei tilnærma transparent, men levande bakgrunnsfarge med opake, farga rektangel som svevar over flata, enkeltvis eller i grupper. På nokre av rektangla er fargen gradert, og kan gje illusjon av ei ukjent lyskjelde. Glasveggen endrar fargar og karakter med skiftande lys i dei to romma, og med sollyset som kjem og går.

Marie Buskov fekk òg i oppdrag å laga eit arbeid til fondveggen i kantineområdet, sjølv om denne veggen er klassifisert som midlertidig. I samband med neste byggetrinn, vil veggen tas ned og bygget bli forlenga bakover. I kontrakt med kunstnar var dette presisert. Kunstnar var fri til å løyse oppdraget som ho ville, men det blei signalisert at moglegheit for gjenbruk av deler av arbeidet kunne vera fint.

Kunstnar har valt å laga eit arbeid der heile veggen er eit veggmåleri, med tre separate innramma måleri monterte på den. Dei tre enkeltståande verka kan lett omplasserast i samband med neste byggetrinn, medan verket på veggen nødvendigvis vil gå tapt. Komposisjonen på veggen er i slekt med glasveggen, men måla i matt kalkmåling. Titlane er like: Når lyset treffer en flate.

Dei innramma verka er poetiske abstrakte komposisjonar, måla med akvarellmåling og kaseintempera på tjukt akvarellpapir.