Kunstverk som er ein omfattande og samansett konstruksjon som er inspirert av himmel og hav, med mange runde måleri i ulike storleikar monterte innimellom.
«Stord World Wide», hovudverket i utsmykkinga av Gunnhild og Ingrunn Bakke. Alle foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kunstverk av Gunnhild Bakke og Ingunn Bakke

Utsmykkinga inneheld ein omfattande og samansett konstruksjon, som er inspirert av himmel og hav, med mange runde måleri i ulike storleikar monterte innimellom.

Kunstnar
Gunnhild Bakke og Ingunn Bakke
Stad
Stord vgs.: Vegg ved opphaldssone, plan 2. Mindre verk i gangareal inn mot venstre og i venteareal for rådgjevartenesta.
Materiale
Konstruksjonen er laga i 12 mm Valchromat-MDF og måla med silkematt kvit Bengalakk. Måleria er i hovudsak måla med Golden akrylmaling og silkematt medium på mdf.
Årstal
2025

Motivkretsen i måleria handlar òg om himmel og hav, om landjord, folk og dyr, og andre lokalitetar.

Personane som er portretterte er kvardagspersonar, henta frå avisarkiv og liknande. I nokre tilfelle har det vist seg å vere personar med band til skulen, utan at kunstnarane har vore kjend med det. Måleria er monterte både kvar for seg og i små grupper.

Konstruksjonen er bygd opp av ulike modular, med linjer som bølgjer og slyngjer seg, og som kryssar kvarandre i to overlappande sjikt. Måleria er monterte på vegg, mellom sjikta og i front, slik at utsmykkinga til saman har fem sjikt. Det er luft mellom laga.

I tillegg er det montert til saman seks mindre arbeid på andre stadar i bygget. Desse er i slekt med hovudutsmykkinga.

Desse kunstverka av Gunnhild og Ingunn Bakke er på Stord vgs.:

  • Stord World Wide, hovudverket
  • Jens «bonde» Litlabø
  • Ellen Strandenes
  • Hans Hauan
  • Kvardag
  • Logoar frå hermetikkfabrikken på Stord
  • Honningbie