Kunsten på Åsane vgs.

Nye Åsane vidaregåande skule og kulturhus opna i 2020. Her er skule, bibliotek, tannklinikk og ulike kulturarenaer – og mykje kunst! Kunsten skal snakke til alle som kjem på besøk i bygget, frå små barn og unge vaksne til pensjonistar. Her er kunst i form av video, fargerike og tredimensjonale veggmåleri, trykk på bjørkefinér, magasinkollasjar, ei hylle med historier, vegginstallasjonar med lys og arbeid i handlaga, japansk papir.