Musikkterapi

Fylkeskommunen tilbyr tenester innan musikkterapi til kultur-, skule-, barnehage-, helse- og omsorgssektoren og kan bidra i arbeid med rus og psykisk helse og inkludering.

Kva gjer vi?

Vestland fylkeskommune tilbyr rådgjevande tenester innan musikkterapi til kultur-, skule-, barnehage-, helse- og omsorgssektoren, rus og psykiatri og inkludering. Fylkeskommunen kan oppsøke og gje råd til institusjonar, skular, barnehagar, lokal næringsverksemd, ppt-kontor, flyktning- og asylmottak for å dele kunnskap og bidra til tiltak innan musikkterapi. Det kan vere i form av seminar eller førelesingar.
 
Vi kan også hjelpe med søknadar om tilskot til til dømes prosjekt og/eller legge til rette for oppretting av ny stilling som musikkterapeut. 
 

Kva er musikkterapi?

Musikkterapi som fag ser på samanhengen mellom musikk og helse. Som profesjon er musikkterapi ein systematisk prosess med musikalsk samspel mellom klient og terapeut, der det overordna målet er betre helse. Vestland fylkeskommune formidlar kompetanse på samanhengane mellom musikk og helse og musikkterapi.