Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?

Kommunane må i mange saker innhente uttalar og fråsegner frå fylkeskommunen før dei kan gjere vedtak. Her finn du oversikt over kva saker som skal sendast til fylkeskommunen, som kan sendast til fylkeskommunen, som ikkje skal sendast til fylkeskommunen og som skal sendast rett til Riksantikvaren.

Fylkeskommunen har ansvar for å vurdere og gje fråsegn til tiltak som gjeld

  • automatisk freda kulturminne
  • freda bygningar/bygningsmiljø og kulturminne
  • kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi

Fylkeskommunen har også forvaltingsansvar når det gjeld freda bygg. Det betyr blant anna at eigarar av freda bygg må søkje fylkeskommunen om dispensasjon om dei vil gjere tiltak med bygget.

Arealplanar

  • Kommuneplanar, kommunedelplanar, områdereguleringsplanar og detaljreguleringsplanar: Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planforslag, samt vedteken plan.
  • Konsekvensutgreiingar: Planprogram, melding med forslag til utgreiingsprogram, fastsett utgreiingsprogram og sjølve konsekvensutgreiinga.
  • Dispensasjonssøknader i saker knytt til plan- og bygningslova. 

Landbrukssaker

  • Søknader om nydyrkingstiltak (forskrift om nydyrking).
  • Søknader om landbruksvegar og skogsvegar.
  • Planar om hogst med hogstmaskiner.
  • Søknader om oppføring av nye driftsbygningar dersom det er kjende automatisk freda kulturminne ved eller i nærleiken av tiltaket.

Energi- og vassdragsaker

  • Søknader om kraftutbygging: vindkraft, vasskraftverk, kraftlinjer, trafostasjonar.

Tiltak

  • Byggesaker og andre tiltak som gjeld automatisk freda kulturminne, det vil seie arkeologiske kulturminne eldre enn 1537, og /eller der det er potensial for ytterlegare funn (kml § 4).
  • Deling av grunneigedomar i LNF-område i samband med nybygg.
  • Førespurnader om registrering av automatisk freda kulturminne.
  • Skjøtselsplanar og tilretteleggingsprosjekt for automatisk freda kulturminne.
  • Tiltak og inngrep i sjø og vassdrag.
  • Søknader om fiberutbygging.

Tiltak knytt til freda og listeførte bygg, samt andre byggverk, anlegg og område av nasjonal eller regional verdi

  • Tiltak på vedtaksfreda kulturminne og kulturmiljø (kml §§ 15, 19, 20).
  • Tiltak på forskriftsfreda byggverk og anlegg (kml § 22 a).
  • Tiltak på forskriftsfreda kulturminne i statens eige.
  • Byggesaker og andre tiltak som gjeld automatisk freda ståande byggverk frå perioden 1537-1650 (kml § 4). Med unntak av kyrkjer eldre enn 1650, som skal handsamast av Riksantikvaren.
  • Søknad og vedtak om riving eller vesentleg endring av ikkje freda byggverk eller anlegg oppført før 1850 (kml § 25 Meldeplikt for offentlige organ).
  • Tiltak på statens listeførte bygningar og kulturminne prioritert i sektorvise landsverneplanar. Medrekna er prestegarder og fyr. Tiltak på andre kulturminne i statens eige.
  • Tiltak innafor område av nasjonal og/eller regional verdi som er regulert til spesialområde bevaring eller omsynssone i medhald av Plan- og bygningslova (§ 25.6. i gammal lov og § 12-6 i ny lov).
  • Arealplanar og tiltak knytt til mellomalderkyrkjegardar.
  • Arealplanar og tiltak knytt til kyrkjegardar og gravminne (rundskriv T-3/2000).
  • Arealplanar og tiltak i kyrkja sine omgjevnader (rundskriv T-3/2000).
  • Tiltak på listeførte kyrkjer bygd etter 1850 (rundskriv T-3/2000).
  • Tiltak på alle bygningar nærare enn 60 meter frå listeførte kyrkjer oppført etter 1850, som ligg utafor tettbygde område. Sjå Kirkesøk og  Askeladden for meir informasjon. 

Kulturmiljø og landskap

  • Søknader og meldingar om tiltak innanfor kulturmiljø og kulturlandskap som er vurdert å vere av nasjonal og/eller regional verdi. Døme på dette er nye driftsbygningar, masseuttak og andre større tiltak i landbruket som er unnateke plankrav etter plan- og bygningslova. 
  • Arealplanar og tiltak innan landskapsvernområde og naturreservat verna etter naturvernlova, for å avklare tilhøvet til automatisk freda kulturminne, andre kulturminne og kulturlandskap. 
  • Tiltak som gjeld SEFRAK-registrerte bygningar oppført etter 1850, som kommunen ser kan ha kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi. Her bør kommunen først gjere ei vurdering, men ved tvil kan fylkeskommunen kontaktast, jf. plan- og bygningslova §31-1. 
  • Tiltak som riving eller vesentleg endring av ikkje freda byggverk, bygningsmiljø og andre faste kulturminne frå 1900-tallet som ikkje er SEFRAK-registrert, men som er godt bevart eller typisk for si tid, og som kommunen ser kan ha kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi. Kommunen bør gjere ei vurdering først, men kan ved tvil kontakte fylkeskommunen.
  • Bygge- og rivesaker på bygningar som i kommunale kulturminneplanar er vurdert til å vere av høg verneverdi.
  • Tiltak i omgjevnadane til freda bygningar. 
  • Førespurnader frå private utbyggarar og grunneigarar i samband med rullering av arealdelen i kommuneplanen. Slike førespurnader skal gå til kommunen.
  • Førespurnader frå eigedomsmeklarar, seljarar og kjøparar om planstatus og vernestatus i samband med kjøp og sal av eigedomar.
  • Bygge- og rivesaker på bygningar av lokal verdi som er yngre enn 1850. Kommunar som ikkje har god nok oversikt over kulturminna sine, der det til dømes ikkje er laga kulturminneplan, bør ved tvil konsultere fylkeskommunale fagressursar.
  • Lokale tilretteleggingsprosjekt og skjøtselsplanar. NB! Dette gjeld ikkje for arkeologiske kulturminne, der fylkeskommunen er delegert mynde i samsvar med kulturminneloven.
  • Tiltak på og i kyrkjer bygd før 1650 (automatisk freda, vernekategori 1), alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 (vernekategori 2).
  • Tiltak som gjeld mellomalderbyen Bergen.

Det er viktig at saker er så godt opplyste at fylkeskommunen kan gjere ei effektiv og god sakshandsaming. Dersom saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, blir ho sendt i retur.

I reguleringsplanar bør det allereie i varsel om oppstart vere med følgjande opplysningar:

  • Tydelege kart med stadnamn, gatenamn, gardsnamn, gards- og bruksnummer
  • Status i kommuneplanen og eventuell vernestatus
  • Føremålet med planen
  • Utgreiing av planområdet med landskap, eksisterande busetnad og kjende kulturminne
  • Førebels vurdering frå kommunen
  • Namn på tiltakshavar og sakshandsamar i kommunen

I bygge- og rivesaker skal det vere med følgjande opplysningar:

  • Planstatus og vernestatus
  • Namn på eventuell reguleringsplan som bygningen ligg innafor, samt avgjersle og plankart
  • Om tiltaket er ei dispensasjonssak etter pbl § 19
  • SEFRAK-nummer (finst i GAB)
  • Tydelege kart med stadnamn, gatenamn, gardsnamn, gards- og bruksnummer
  • Plan- og fasadeteikningar av eksisterande og ny situasjon
  • Bilete av bygningen og nære omgjevnader
  • Byggeår, byggemåte, materialbruk, teknisk tilstand og eventuelle skader
  • Utgreiing av tiltak
  • Førebels vurdering frå kommunen
  • Namn på tiltakshavar og sakshandsamar i kommunen.

Private planforslag og byggesaker som er sendt over frå private:

  • Varsel om oppstart av private reguleringsplanar bør ha vore drøfta med kommunen i førehandskonferanse eller på annan måte før dei blir sendt til fylkeskommunen. Referat frå oppstartmøte bør sendast over til fylkeskommunen (pbl § 21-1).
  • Byggesaker frå private bør ha vore drøfta med kommunen i førehandskonferanse eller på annan måte før dei blir sende til fylkeskommunen. Kommunen si førehandsvurdering bør leggjast ved saka.

Andre tiltak:

Søknadar knytt til dispensasjon, landbruksvegar, nydyrking m.m. må alltid ha med gardsnamn, gards- og bruksnummer, kart og fotodokumentasjon.