Sirkelspill
På veggane ute er det som om figurane er sette fri. Dei er måla rett på betongveggen og er leikne, lette og assosiasjonsskapande.
- Tittel
- Sirkelspill
- Kunstnar
- Per Formo
- Stad
- Sandslimarka
- Materiale
- Måleri på fibersement
- Årstal
- 2015
Sirkelspill er ei målerirekke som strekk seg over heile 200 meter frå starten av Dyrhovdtunnelen ved Sandslimarka og vidare mot Kokstad. Kunstverket består av ulike figurar danna av kvartsirkelbogar i åtte fargar.
Inne i tunnelen er abstrakte figurar som kan minne om emblem eller skilt, måla på lys blå botn på store fibersementplater skrudde fast til veggen. Dei er presenterte regelmessig, omtrent som i ei utstilling.
Dette er kunst ein kan sjå igjen og igjen, og jamvel oppdaga noko nytt.
Kunstverket er eigd av Vestland fylkeskommune.