Seks små og eit stort portrettfotografi som heng på ein vegg.

Den nye dalen

Fotografiske portrett av born og unge frå Fyllingsdalen.

Tittel
Den nye dalen
Kunstnar
Beret Aksnes og Vegar Moen
Stad
Vestlandshuset
Materiale
Fotografi
Årstal
2022

Bilda er tekne i oktober 2019 og august 2022. Dei små bilda er kontaktkopiar frå oktober 2019, tekne med eit kamera frå 1955. Det var det året Fyllingsdalen blei innlemma i Bergen kommune og med det fekk si første store endring. Med Bybanen til Fyllingsdalen, blir dalen endra på nytt.

Det store bildet av jenta med høna er frå august 2022. 

Kontaktkopiar er analoge prints frå mørkerommet, laga med ei lyspære i taket som blir slått på i nokre sekund. Det skapar eit positivt bilete av negativet på sølvkloridpapir. Dette gjer optimal kvalitet i 1:1 storleik

Fotoa blei viste i Kunstgarasjen i Møllendalsveien 15 i samband med opninga av Bybanen i november 2022. Dei hang etter det i lokala til Fyllingsdalen teater våren 2023. No er bilda permanent plasserte i Vestlandshuset i Bergen.

Vestland fylkeskommune eig kunstverka.