Bronseskulptur på bybanestoppet i Fyllingsdalen.

Den minste passasjeren

Dei fleste på Bybanen er blindpassasjerar.

Tittel
Den minste passasjeren
Kunstnar
Beret Aksnes og Vegar Moen
Stad
Fyllingsdalen terminal - Vis i kart
Materiale
Bronse
Årstal
2022

Den minste passasjeren er ein av tusen milliardar levande individ om bord. Ørsmå unike bakteriar som reiser rundt i kroppane og bydelane våre og ber med seg viktig bagasje.

Det er på tide at dette mangfaldet i kollektivtrafikken blir synleg.

Skulpturen i haldeplassområdet ved Oasen er sett saman av nøyaktige bronsestøypingar av ei forstørra bakterie henta frå Bybanen 18. oktober 2019. Han er grodd og analysert ved avdeling for medisinsk mikrobiologi på St. Olavs hospital og skanna hos NTNU NanoLab av doktorgradsstipendiat Sindre Ullmann ved Senter for molekylær inflammasjonsforsking ved NTNU.