Samlingsutvikling i bibliotek

Det er viktig for biblioteka å tilby oppdaterte og relevante samlingar, både fysisk og digitalt. Samlingsutvikling vil vere noko ein held på med heile tida, for å sikre eit godt tilbod til brukarane.

Medan innkjøp dreiar seg mykje om enkelttitlar og kvalitet på det ein kjøper inn, vil samlingsutvikling dreie seg om det store biletet: Kva samlingar skal vi ha, kor mykje skal vi ha av enkelte fagområde og typar litteratur/materiale, og kor oppdaterte er dei enkelte delsamlingane. 

Normer for fysiske samlingar

Det finnest ikkje norske normer for kor store samlingane skal vere.

The International Federation of Library Associations and Institutions rår i IFLA Public Library Service Guidelines (IFLA Publications 147) (pdf) til at folkebibliotek har to til tre bøker per innbyggjar, men ikkje mindre enn 2500 bind. Dette er ei generell tilråding som gjeld uansett land. For Noreg sin del må Kulturfondbøker leggast til. Norske bibliotek mottek omlag 3000 bøker frå Kulturfondet i løpet av ein femårsperiode, og biblioteka har plikt til å oppbevare desse i fem år.

Inga etablert boksamling bør omfatte mindre enn 2500 bøker. Dei minste kommunane kan ikkje berre tilby kulturfondbøker, og det er rimeleg å seie at ei minimumssamling bør innehalde 5500 bøker. (Det vil likevel ikkje seie at kvar filial bør ha eit slikt omfang, der kommunane har fleire bibliotekfilialar.)

IFLA-tilrådinga er frå 2010, og tek ikkje omsyn til digitale tilbod, god transportordning mellom biblioteka i Noreg eller endra lesevaner hos befolkninga. Sjølv om det kan vere lokale tilhøve som spelar inn, kan det vere fornuftig å ikkje gå ut over rammene som er skissert. 

Arbeid med samlingsutvikling

Målet for samlingsutvikling er å ha oppdaterte og relevante samlingar tilpassa lokale tilhøve. Håndbok i samlingsutvikling for bibliotek - CREW (pdf) er eit nyttig hjelpemiddel i arbeidet med å sørge for oppdatert og relevant innhald i samlingane.  

Det kan vere nyttig å sjå på omløpstal når ein skal vurdere samlingane. Nasjonalbiblioteket skriv på bibliotekutvikling.no ein del om korleis du kan bruke omløpstal i samlingsutviklinga.