Audiovisuelt materiale
Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av audiovisuelt materiale frå Vestland. Samla gir materialet oss ei visuelt og lydleg bilete av korleis vestlandssamfunnet har utvikla seg.
Kva har vi?
Vi forvaltar samlingar av video, film og lyd. Mange av film- og videoarkiva er privat skapte eller kjem frå ulike bedriftsarkiv. I tillegg forvaltar vi samlingar av levande bilete tekne av profesjonelle fotografar og produksjonsselskap. Lydsamlinga vår omfattar dokumentasjonsopptak og livsminneopptak utført i ulike innsamlingsprosjekt.
Bruk og tilgjenge
Materiale frå samlingane våre kan strøymast kostnadsfritt i vårt digitale fylkesarkiv. Vi jobbar kontinuerleg med å digitalisere og gjere meir materiale tilgjengeleg.
Dersom du ønskjer digital kopi av materiale, til dømes til eit forskingsprosjekt eller ein filmproduksjon, kan du ta kontakt med oss.
Lyd- og videomateriale i det digitale fylkesarkivet kan strøymast frå nettsidene våre og tingast til ikkje-kommersiell bruk som undervisning, forsking og kulturformidling. Les meir om vilkår for bruk av audiovisuelt materiale i trekkspillmenyen under.
Vilkår for bruk av audiovisuelt materiale
- Digitale kopiar av materialet kan tingast av privatpersonar og andre og nyttast til privat bruk eller i samband med opplysningsarbeid, opplæring, kulturformidling og forsking. Det er forbode å lage nye kopiar, kringkaste, selje eller på annan måte utnytte arkivmateriale til økonomisk vinning. Dersom tinginga er ei gåve til ein tredjeperson, skal du gjere vedkomande merksam på desse vilkåra.
- Digitale kopiar av materialet kan tingast av media, produsentar og liknande til prosjekt dersom arkivskaparen har gitt løyve til det. Vestland fylkeskommune kan krevje royalties eller andre gebyr ved bruk. Ta kontakt for eventuelle prisar på materialet du ønskjer å bruke.
- Gje alltid opp Vestland fylkeskommune som kjelde når du brukar materiale du har fått frå oss som utgangspunkt for skriftleg arbeid eller audiovisuelle produksjonar. Du skal også kreditere utøvaren eller opphavspersonen til materialet du bruker. Dersom du har spørsmål om korrekt kjeldebruk, ta kontakt med oss.