Skulearkiv på Digitalarkivet

Sommarferien er ved vegs ende og skulestart står nok ein gong for døra. Eit nytt årskull skal i desse dagar få oppleve sin fyrste skuledag. Vi markerer dette med å gjera endå meir skulearkiv tilgjengeleg på Digitalarkivet.

bilete av side frå skuleprotokoll 1863-1868

Foto: Skuleprotokoll frå Svanøy skule og Askrova skule (1863-1868)

Nærmare 200 protokollar frå fire kommunar

Denne gongen slepp vi skulearkiv frå Florø, Kinn, Bru og Eikefjord kommunar. Med dette vert nærmare 200 karakterprotokollar og dagbøker gjort tilgjengelege for publikum digitalt. Desse protokollane gjev eit unikt innblikk i skulevesenet frå tidlegare tider, langt inn på 1800-talet. Her kan du sjå kva elevar vart karaktersette i, korleis læraren førte dagbok over undervisninga, og korleis skulen vart styrt lokalt gjennom tilsynsutval i kvar skulekrins. På denne måten blir skulearkiva i sin heilskap digitalt tilgjengeleg. 

Ti kommunar no tilgjengelege

Vi håpar publikum set pris på mogelegheita dette gjev, ved å sjølve kunne dykke inn i historia etter kommunane våre. Totalt har vi no gjort skulearkiv frå ti tidlegare kommunar i gamle Sogn og Fjordane tilgjengeleg på Digitalarkivet. Dette er ein del av tenestene Kommunearkivordninga i Vestland yter for medlemskommunane – og arbeidet held fram.

Slik finn du arkiva

Besøk Digitalarkivet for å bla i skulearkiva frå Kinn, Eikefjord, Bru eller Florø. I tillegg finn du informasjon om digital tilgjengeleggjering på våre eigne heimesider. Her finn du mellom anna informasjon om korleis du kan bruke Digitalarkivet. Du kan lese meir om dette her – «Er du på jakt etter skanna protokollar»