Fylkestingsforhandlingane frå Sogn og Fjordane

201 protokollar med fylkestingsforhandlingar frå perioden 1838 til 1997 er tilgjengeleg digitalt.

Kommunearkivordninga i Vestland har digitalsert både protokollane og i tillegg lydopptak frå perioden 1993-2016 på oppdrag frå fylkeskommunen. Avtalen vart inngått i 2019, og omfatta berre fylkestingsforhandlingane frå Sogn og Fjordane fylke.

Protokollar fram til 1919 er publisert på fylkesarkivet.no (sjå publiserte protokollar under). Publikum kan ta kontakt med Kommunearkivordninga for innsyn i dei øvrige protokollane, eller for tilgang til lydopptaka. Vi arbeider for tida med å gjere alle protokollane tilgjengelege på Digitalarkivet.  

Eit komplett sett med protokollar er også tilgjengeleg på lesesalen på Fylkeshuset på Leikanger (p.t. nedpakka grunna ombygging av Fylkeshuset). 

Publisert 15.06.2023

Her er ei oversikt over protkollane som er publisert på nett så lang. Oversikta ligg også på Arkivportalen.no