Arkivdagen 2026 – kom og sjå det nye arkivbygget vårt

Kvart år markerer Noreg den internasjonale Arkivdagen for å setje søkelyset på arkiva sine roller i samfunnet. Datoen i år er 9. juni, og på denne dagen inviterer seksjon arkiv ved Vestland fylkeskommune alle interesserte til ei omvising i det nye arkivbygget på Leikanger.

Arkivmagasin med to menn i enden.
ARKIV: Arkivmagasina i det nye arkivbygget er i ferd med å fyllast opp. Her skal både private og offentlege arkiv frå fylket oppbevarast for framtida. F.v. fylkesvaraordførar Stian Davis og ordførar i Sogndal, Stig Ove Ølmheim. (Foto: Javad Montazeri/Vestland fylkeskommune)

Arkiva fortel historia om korleis samfunnet har utvikla seg, og sikrar innbyggarane sin rett til innsyn og dokumentasjon. Det nye arkivbygget gjer det mogleg å ta imot, bevare og gjere tilgjengeleg eit breitt spekter av arkiv frå heile regionen – kommunale, fylkeskommunale og private arkiv, i tillegg til ei stor fotosamling.

Under omvisinga får du:

  • Sjå det nye bygget og høyre om korleis det er innreidd for langtidsbevaring av arkiv
  • Lære om kvifor bevaring av eldre arkiv er viktig – for enkeltmenneske, kommunar og samfunnet
  • Eit innblikk i arbeidet ved seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune

Tid: Tysdag 9. juni 2026 kl. 09.00 
Stad: Oppmøte utanfor arkivbygget, Njøsavegen 29, Leikanger 
Varigheit: Ca. 45 minutt
 
Alle er hjarteleg velkomne – ingen påmelding nødvendig. Meld eventuelt di interesse på Facebook-hendinga vår.