Musikk

Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling dokumentasjon av musikk- og dansetradisjonar frå Vestland. Musikk- og dansetradisjonar er ei viktig kjelde til kunnskap om fortid og notid; Dei fortel noko om samfunnet og kulturen dei er og var ein integrert del av, og om korleis musikken og dansen som uttrykksform har endra seg gjennom tida.

Kva har vi?

  • Tradisjonsmusikksamlinga omfattar lyddokumentasjon av over 16 000 framføringar med musikk og utøvarar med tilknyting til Vestland. Her vil du finne opptak gjort frå 1921 og fram til i dag. Samlinga er digitalisert, og du kan tinge kopiar av lydfiler i mp3-format til ikkje-komersiell bruk. Noko av materialet er verna, og krev difor spesielt løyve frå rettshavar(ane) for utkopiering. 
  • Notesamlinga omfattar fleire ulike samlingar av notar på både eldre og nyare musikk. Notesamlingane er ikkje digitalisert, men på lesesalen kan du mellom anna bla i transripsjonane etter Arne Bjørndal og Ola Ryssdal - to innsamlarar som har vore svært viktige for dokumentasjonsarbeidet i fylket vårt.
  • Musikkarkivet forvaltar også noko audiovisuell dokumentasjon av danseframføringar.

Søk i musikkarkivet.

Bestilling av lydfiler

Du kan bestille digitale kopiar av lydfesta framføringar til ikkje-komersielle føremål. Lydfiler frå tradisjonsmusikksamlinga er tilgjengeleg som mp3-filer.

For delar av arkivmaterialet i tradisjonsmusikksamlinga krev utkopiering spesielt løyve frå rettshavar, då musikk som framføring og verk har vern etter åndsverklova.

Dersom det ikkje ligg føre løyve frå rettshavar, kan du likevel få lytte til materialet på eigen lyttestasjon i fylkesarkivet sine lokale. 

Ta kontakt for å tinge lydfiler

Bruk og tilgjenge

Lydfesta musikk er ein dokumentasjon på framføring av eit verk, og musikk har både som framføring og verk vern gjennom åndsverklova. Bruk og utkopiering av verna musikk krev løyve frå rettshavar(ane). For mykje av det verna materialet har fylkesarkivet fått særskilt bruksløyve frå utøvaren.

Einerett

Åndsverklova gjev utøvande kunstnarar, som til dømes musikarar, einerett til å rå over si eiga framføring. Dette vernet varer i 50 år etter utløpet av året framføringa fann stad eller vart offentleggjort. Lydopptak i tradisjonsmusikksamlinga som er yngre enn 50 år er difor verna, og utøvaren må gje løyve til bruk og utkopiering. For svært mange av opptaka har fylkesarkivet fått generelt løyve frå rettshavar til formidling og utkopiering til ikkje-komersielle føremål.

Opphavsrett

Tradisjonsmusikksamlinga omfattar i hovudsak dokumentasjon av tradisjonelle melodiar, det vil seie verk utan kjend opphavsmann. Denne musikken har ikkje vern gjennom åndsverklova.

I tillegg fins det i samlinga ein del musikk der melodi og/eller tekst har kjend opphavsmann, og offentleg framføring eller avspeling av denne musikken utløyser krav om betaling av vederlag til rettshavaren. I Noreg er det TONO som krev inn vederlag på vegne av rettshavar(ane). Vernetida for musikk med kjend opphavsmann varer i 70 år etter utgangen av rettshavaren sitt dødsår.