Bidra som frivillig
Arkiva våre treng deg som har interesse for vår felles kulturhistorie og har lyst til å bidra til at arkiva vert brukte, har god informasjon og er tilgjengelege for flest mogeleg
Det er ikkje alltid viktigast at du sjølv har ekspertkunnskap om det du skal jobbe med. Kanskje du kjenner nokon som kan namngi personane på eldre foto, eller du veit kvar du finn fleire opplysningar om ein grendaskule? Vi ynskjer å kople arkiva våre saman med lokalsamfunna dei er knytte til, og du kan bidra til dette.
Du kan hjelpe med å samle inn stadnamn, registrere historiske foto, transkribere gamle brev, forslag til formidling og dokumentere skulehistorie.
Arbeidet høver både for enkeltpersonar som ynskjer å jobbe åleine, og for grupper som vil samarbeide om å hente inn og registrere opplysningar. Stort sett jobbar våre frivillige digitalt. På nettsidene våre kan du til dømes bidra med å registrere opplysningar til foto eller brev. På denne måten kan du sitte heime hjå deg sjølv og berre trenge ei datamaskin med internett for å ta del i dette viktige arbeidet.
Vi samarbeider også med sogelag og andre frivillige organisasjonar, og oppmodar lag og organisasjonar til å ta kontakt dersom de ønskjer å samarbeide med oss om vern og tilgjengeleggjering av arkiv.
Både små og store bidrag kan gjere ein viktig skilnad. Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å verte frivillig, samarbeide med oss eller dersom du berre har enkeltvise opplysningar eller rettingar til arkiva våre. Vi vil gjerne høyre frå deg!
Sjå kva det er mogeleg å bidra med som frivillig
Stadnamn
Har du lyst å bidra til å få samla inn fleire lokale stadnamn? Sjekk ut stadnamn-sidene vore for å sjå om dine lokale stadnamn er med i samlinga vår, og ta kontakt viss du ser at nokon manglar.
Foto
Eit foto vil alltid vere aller mest interessant når ein har gode opplysningar om motivet, personane og staden dei er på. Her er det mogeleg å bidra både for deg som har lokalkunnskap, og for deg som har ei generell interesse for historiske foto. Ta kontakt dersom du vil bidra i arbeidet med å registrere historiske foto frå Vestland.
Brev
Brev er nærgåande og interessante innblikk i historiske personar sitt liv og levnad. Mange av breva i samlingane våre er skrivne med fortidas skjønnskrift, og kan vere vanskelege å lese. Ta kontakt om du vil bidra i arbeidet med å transkribere breva våre, slik at dei blir tilgjengelege for mange fleire.
Skulehistorie
Er du engasjert i skulehistorie? På skulenmin.no finn du skulehistoriske kjelder frå ulike aktørar. Vi jobbar med å få samla inn fleire kjelder og meir informasjon. Mykje av den felles skulehistoria vår er i dag berre eit minne, eller er i privat eige. Vi treng hjelp til å fylle hola i skulehistoria. Les meir på sida om korleis du kan bidra.
Formidling
Har du kunnskap om lokal kulturhistorie? Vi vil gjerne høyre frå deg! På kringom.no kan du som frivillig bidra med innspel om viktig kulturhistorie i ditt nærmiljø – små og store historier som fortener å bli delt. Har du tips til innhald vi bør løfte fram? Send oss dine idear og hjelp oss å gjere kringom til ei levande kjelde for lokal kulturarv.