Foto
Fotografi er viktige kjelder til kunnskap om fortida og samtida; dei fortel oss både om korleis samfunnet vårt har vore og korleis det endrar seg over tid, og om korleis sjølve fotografiet som uttrykksform har utvikla seg opp gjennom historia. Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av eldre fotografisk materiale frå heile Vestland.
Vi forvaltar eit omfattande fotoarkiv med kring 1 120 000 bilete frå heile fylket. Ta gjerne kontakt med oss dersom du eig eller kjenner til fotomateriale som bør bevarast for ettertida, eller dersom du ynskjer råd kring oppbevaring og handsaming av foto.
Vi arbeider også kontinuerleg med digitalisering, og vel 117 000 bilete er no tilgjengelege i det digitale fylkesarkivet.
Bruk av foto
Alle bileta i arkivet vårt er i prinsippet tilgjengelege for bruk. Originalfoto kan du studere på lesesalen vår etter avtale, og digitaliserte foto finn du i vårt digitale fylkesarkiv.
Særskild utvalde bilete frå arkivet er også tilgjengeleg på Flickr Commons . Bilete som ligg her kan du bruke fritt. Ta bileta i bruk og del din kunnskap om fotografia med oss og andre!
Foto i det digitale fylkesarkivet
I mappa Foto kan du gjere søk i alle våre digitaliserte foto. Bileta som du finn her kan lastast ned som dei er, men berre til privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering). Dersom du vil bruke bilete offentleg, eller ynskjer andre format, kvalitetar eller retusjering, må du bestille bileta.
I mappa Foto til nedlasting finn du bilete i høg oppløysing som kan brukast både privat og offentleg, og vi har som mål å gjere stadig fleire av bileta våre tilgjengelege på denne måten. Bileta her er merka med CC-lisens. Bileta som er merka «ingen opphavsrett» kan brukast heilt fritt, medan andre bilete berre kan brukast til ikkje-kommersielle føremål. For bruk til kommersielle føremål må du bestille biletet på vanleg måte.
Korleis bestille foto
I samband med at me har eit nytt digitalt fylkesarkiv, skal fotobestillingar førebels sendast på e-post til post@vlfk.no. Leveringstid er inntil 3 veker frå bestillingsdato. Hastelevering kan utførast etter avtale innan 2 verkedagar (sjå prisliste).
Merk at me vil vurdere om enkeltbilete kan bestillast til det oppgitte føremålet. Dersom eit bilete ikkje kan brukast av ulike grunnar, vil me informere om dette så snart som mogeleg og innan tre veker.
Denne informasjonen skal du sende inn i bestillinga di:
- ID-nummeret til kvart bilete du ynskjer å bestille. Dette nummeret finn du saman med biletet i det digitale fylkesarkivet (døme: SFFf-1989008.0038).
- Skal biletet vere til privat bruk eller til offentleg bruk? Sjå vilkår for bruk under.
- Dersom biletet skal vere til offentleg bruk, skriv konkret kva det skal brukast til. Legg ved namn på trykksak, produkt eller nettside.
- Vil du bestille biletet som digital fil, eller på fotopapir? Sjå prisliste under.
- Vi treng di postadresse og ditt telefonnummer for å registrere bestillinga.
Prisar ved bestilling
Alle bestillingar får eit ekspedisjonsgebyr på kr 50,-. Sjå elles oversikta under for prisar per biletkopi.
Hastelevering (2 verkedagar) kan utførast etter avtale, med eit gebyr på kr. 200,- per bilete. Leveringstid er elles inntil 3 veker.
Digitale filer
- Privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering) kr 100,-
- Offentleg bruk:
- Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar
og frivillige organisasjonar kr. 100,- - Redaksjonell bruk i utstilling, TV, film,
bøker, tidsskrift, aviser, internett kr. 600,-
- Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar
- Profileringsmateriale, skilting, offentleg utsmykking kr. 1000,-
Biletkopiar levert på fotopapir
- Opptil 20 x 25 cm kr. 180,-
- 24 x 30 cm kr. 250,-
- 30 x 40 cm kr. 300,-
- 40 x 50 cm kr. 500,-
Forholdet mellom høgde og breidde varierer på dei ulike originalane, og biletstorleiken vil difor kunne avvike frå desse standardstorleikane.
Vilkår for bruk
Vilkår for privat bruk:
- Bilete som vert formidla til privat bruk skal ikkje offentleggjerast. Dette inkluderer internett/sosiale media.
Vilkår for offentleg bruk:
- Filer vert leigde ut for éin gongs bruk. Filer skal slettast etter at avtalt bruk er ferdig.
- Namnet til fotografen og bevaringsinstitusjonen skal publiserast saman med fotografiet.
- Fotografia kan ikkje brukast til anna enn det avtala føremålet. Bruksføremålet er det som du oppgav ved bestilling.
- All publisering av fotografia, inkludert framføring via internett, skal berre skje etter avtale.
- Eksemplarframstilling (kopiering) av fotografia er ikkje tillate.
- Den tekniske attgivinga av fotografia skal vere slik at det ikkje er til skade for fotografen sitt ry. Om det vert teke utsnitt av fotografiet, må det opplysast om dette.
- Attgivinga av fotografia skal ikkje vere til skade for eller krenke avbilda personar.
Lisensar
Dei fleste objekta i Fylkesarkivet sine webarkiv er merka med ei opplysning om om, og eventuelt korleis, du kan gjenbruka materialet. Dersom lisens ikkje er oppgitt på objektet må du ta kontakt med Fylkesarkivet før du gjenbruker materialet.