Webinar om ny forskrift for spelemidlar 18. september

Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet (anleggsforskriften). Webinaret er retta mot dykk som skal søkje om spelemidlar for søknadsåret 2027.

Ordninga er frå og med søknadsåret 2027 forskriftsfesta. Dette inneber fleire endringar i korleis søknader vert handsama, og på webinaret vil vi gå gjennom:

  • Dei mest vesentlege endringane no som ordninga har gått frå føresegner til forskrift
  • Korleis de søkjer om spelemidlar
  • Kva formalkrav som må vere på plass i ein innsendt søknad

Målgruppe

Kommunekontaktar, idrettsråd, idrettslag og andre søkjarorganisasjonar som planlegg å søkje om spelemidlar for søknadsåret 2027.

Du kan bli med på webinaret ved å trykkje på denne lenka: Webinar om ny forskrift for spelemidlar torsdag 18. september.

Relevant dokumentasjon