Informasjonsmøte: Nye tilskotsordningar innan kultur og folkehelse
Fylkeskommunen har lagt om mange av tilskotsordningane innan kultur, idrett og folkehelse. Tretti gamle ordningar har blitt til sju nye. Lær meir om dei nye ordningane og kva du kan søkje tilskot til – og ikkje.
Presentasjon
Opptak av møtet
Målgruppe
Kommunar og regionale aktørar innan kultur og folkehelse. Møtet er ope for alle.
Program
Kl. 14.00: Velkomen til webinaret og kort om programmet. Kvifor slår fylkeskommunen saman mange ordningar i færre og større ordningar?
Kl. 14.10: Kva er nytt og kva tar vi med oss vidare?
Kl. 14.25: Informasjon om ordninga driftstilskot til kultur og folkehelse
Kl. 14.30: Informasjon om ordninga regionalt kulturfond
Kl. 14.35: Informasjon om ordninga livskvalitet og sosial utjamning
Kl. 14.40: Informasjon om ordninga kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv
Kl. 14.45: Informasjon om ordninga nasjonale og internasjonale idrettsarrangement og arenaer
Kl. 14.50: Informasjon om ordninga investeringstilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar
Kl. 14.55: Informasjon om stipend kultur og idrett
Kl. 15.00: Kva skjer med tilskotsordningane vidare?
Kl. 15.10: Spørsmål og svar
Kl. 15.30: Avslutting og takk for oppmøtet