Konferanse: Styrke i samspel

Styrke i samspel 2026 samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor til ein felles, årleg møteplass for fagpersonar, frivillige og beslutningstakarar i Vestland innan folkehelse, idrett, friluftsliv og kultur.

Synest du at det er mange konferansar i løpet av eit år?

No har vi samla etablerte konferansar innanfor folkehelse, idrett, kultur, frivilligheit, friluftsliv, integrering, inkludering og samfunnsutvikling til årets store møteplass i Vestland: Styrke i samspel 2026. 

Her får du det same gode – og litt til.

Styrke i samspel 2026 er ein møteplass der du

  • får kunnskap og inspirasjon frå dyktige bidragsytarar
  • kan utforske felles utfordringar og moglegheiter saman med relevante samarbeidspartnarar

Det felles målet vårt er å fremje gode lokalsamfunn, der frivilligheita, det offentlege, næringslivet og innbyggarane styrkar kvarandre og spelar på lag.

Kva kan du vente deg?

Du finn ei oversikt over planlagt program under. Fullstendig program blir lagt ut så snart det er klart.

Programmet er delt i fire parallelle spor:

Spor 1: Er vi beredt?

Utfordringar møter oss overalt – på idrettsbana, på arbeidsplassen, i kvardagen og i verdssamfunnet. Korleis kan vi førebu oss betre, både som enkeltmenneske og som samfunn? I denne bolken utforskar vi korleis vi kan byggje robustheit og handlekraft for framtida

Spor 2: Frå BUlyst til BLIlyst!

Bulyst handlar om meir enn vakre omgjevnader. Det handlar om infrastruktur, møteplassar, aktivitet og kvardagsliv. I denne parallellen undersøker vi kva som gjer lokalsamfunn attraktive – og korleis vi kan bygge dei slik at folk både blir, trivst og deltek.

Spor 3: Eit samfunn for alle?

Kva skal til for at alle kan delta i fellesskap – på skulen, i arbeidslivet og på fritida? Vi løftar fram konkrete utfordringar, men også løysingar, som fremjar inkludering, deltaking og livsglede gjennom heile livet.

Spor 4: Verktøykassa

Praktisk, konkret og rett på sak. Denne sesjonen gir deg verktøya du treng for å samhandle, drive utviklingsarbeid, søke midlar, planlegge prosjekt og arrangere aktivitetar på ein god og inkluderande måte.

Fredag 16. oktober kl. 09.30–12.00 blir arrangert som ein felles sesjon. I tillegg blir det sosiale kveldsarrangement og nokre spreke morgonaktivitetar. 

Kvar?

Arrangementet går føre seg i ulike stadar i Bergen:

Programmet vil oppdaterast med nøyaktig informasjon om kvar den enkelte sesjon vil finne stad.

Meld deg på 

Meld deg på Styrke i samspel

Arrangørar

Konferansen blir arrangert av Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi, Idrettsklynge Vest og Alrek helseklynge. Vestland fylkeskommune er samarbeidspart.