Storlansering av Grøn region Vestland

Korleis byggjer vi framtidas industri? Kvar kjem investeringane frå? Og kva skal til for at Vestland held fram med å vere leiande?

MERK! Dette er det samme arrangmentet som blei utsett frå 2. september av respekt for Kong Harald V sin bortgang.

Vestland fylkeskommune inviterer til nylansering av Grøn region Vestland. Frå no av er dette namnet på arbeidet fylkeskommunen sitt arbeid med grøn omstilling i næringsliv og industri.

Dette inkluderer det viktige arbeidet til Klimapartnere Vestland, dei sirkulære hubbane, Invest in Vestland, Styrka Marin Innsats, One Ocean Havbyen Bergen.

På lanseringa samlar vi dei fremste stemmene frå næringsliv, industri, politikk og forsking for å vise kva som skjer i dag, og kva som skal skje vidare.

Program

Nokon av dei som skal stå på scena er fylkesordførar Jon Askeland, dekan Jens Kristian Fosse frå Høgskulen på Vestlandet, Camilla Skjelsbæk Gramstad, leiar av Samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi, Jeanette Iren Moen, direktør bransje- og industripolitikk i Norsk Industri og Aslaug Aalen frå Statsforvaltaren i Vestland.

Her kan du sjå programmet. 

Møteplass

Alle som jobbar for grøn omstilling i Vestland er velkomne. Gjennom dagen får du møte menneska, verksemdene og prosjekta som byggjer framtidas Vestland.

Vi løfter fram konkrete eksemplar frå industri og næring, og viser korleis samarbeid mellom politikk, kapital, forsking og næring skaper nye moglegheiter. Du får òg høve til å møte aktørane bak satsingane, byggje nye relasjonar og kome med innspel til arbeidet vidare.